Ramat Negev regionale kommune

Ramat Negev regionale kommune (hebraisk skrift מועצה אזורית רמת נגב, Mo'atza Azorit Ramat Negev, tyder Negevhøgdene regionale kommune) er ein regional kommune i Negevørkenen i Israel. Han er den største regional kommunen i landet og kommunesenteret ligg langs hovudveg 40 mellom Mashabei Sadeh og Tlalim.

Ramat Negev regionale kommune
regional kommune
Rådhuset i kommunen
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 30°52′N 34°47′E / 30.867°N 34.783°E / 30.867; 34.783
Kart
Ramat Negev regionale kommune
30°52′00″N 34°47′00″E / 30.866666666667°N 34.783333333333°E / 30.866666666667; 34.783333333333
Wikimedia Commons: Ramat Negev Regional Council

Historie endre

Busetjingane i Ramat Negev er alle kibbutzar, moshavar og fellesbusetnadar. Revivim og Sde Boker er kjende som bustaden til dei tidlegare statsministrane, høvsevis Golda Meir og David Ben-Gurion. Det bur kring 6 000 jødar i kommunen.[1]

I 2012 godkjende kommunen bygginga av ein ny landsby, Ramat Tzipporim, for å gje heim til 2 000 Azzazmeh-beduinar som budde i regionen.[1]

Turisme endre

Ramat Negev har mange turistmål, særleg arkeologiske ruinar. Av desse finn ein dei gamle byane langs røykjelsesvegen med Avdat, Haluza, Nitzana, Shivta (tre av dei i dag verdsarvstader), i tillegg til somme makhteshar eller erosjonssirklar.

Busetnader endre

Kibbutzar

Moshavar

Fellesbusetnader

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre