Asjokaedikta
Asjokaedikta er ei samling av 33 tekstar som er rissa inn i fleire asjokasøyler, kampesteinar og holeveggar i Sør-Asia. Søylene blei reist under mauryaherskaren Asjoka den store (334-232 f.Kr.).
Dei offentlege kunngjeringane eller edikta legg ned levereglar i riket prega av buddhismen. Dei er spreidd over område i dagens Bangladesh, India, Nepal, Afghanistan og Pakistan, og er utført på fleire språk: Magadhi- og gandhari-prakrit, gresk og arameisk.[2] Skriftsystema som er brukt er brahmiskrift, kharosjthi, gresk og arameisk.[3]
Kjelder
endre- ↑ India: The Ancient Past, s. 113, Burjor Avari, Routledge, ISBN 0-415-35615-6
- ↑ Ven. S. Dhammika, THE EDICTS OF KING ASHOKA
- ↑ Charles Allen (2012), Ashoka, Abacus, s. 230
- Denne artikkelen bygger på «Edicts of Ashoka» frå Wikipedia på engelsk, den 26. april 2017.