Stongfjorden bedehuskapell

kyrkjebygg i Askvoll kommune

Stongfjorden bedehuskapell står i den tidlegare industristaden Stongfjorden i Askvoll kommune i Vestland, og er eit ombygd bedehus frå 1908.

Stongfjorden bedehuskapell
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Askvoll
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Askvoll
Fellesråd Askvoll
Type Langkyrkje
Material Tre
Innvigd 6. desember 1914
 •  Endringar Påbygd kor i 1970, tårn i 1971
Kyrkjegard Ved kapellet
Sitjeplassar 300
Kart
Stongfjorden bedehuskapell
61°25′41″N 5°10′11″E / 61.4281°N 5.16972°E / 61.4281; 5.16972
Wikimedia Commons: Stongfjorden bedehuskapell
Stongfjorden bedehuskapell is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Stongfjorden bedehuskapell

Bedehuset vart vigsla til kyrkjeleg bruk 6. desember 1914, men fekk ikkje kor før i 1970. Klokketårnet kom til i 1971, etter at kapellet hadde hatt ein stopul sidan 1949. Gravstaden ved kapellet vart teken i bruk i 1950.[1]

Kapellet høyrer til Askvoll sokn i Sunnfjord prosti og fram til utfasinga av prestegjelda frå 2004 låg det i Askvoll prestegjeld. Før det vart vigsla til kyrkjeleg bruk sokna folk i området til Askvoll kyrkje.

Fotnotar

endre
  1. Aaraas, Margrethe Henden; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Stongfjorden bedehuskapell». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 27. februar 2021. 

Bakgrunnsstoff

endre