Aslaug Fredriksen
norsk politikar
Aslaug Fredriksen, fødd Aslaug Anfindsen (9. november 1918–3. februar 2000), var ein norsk politikar frå Vestnes i Møre og Romsdal. Ho representerte Møre og Romsdal og Kristeleg Folkeparti på Stortinget frå 1977 til 1985.
Aslaug Fredriksen | |
Fødd | 9. november 1918 Vestnes |
---|---|
Død | 3. februar 2000 (81 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Kristeleg Folkeparti |
Yrke | politikar |
Fredriksen var husmor, busett på Sunndalsøra på Nordmøre. Frå 1950-åra engasjerte ho seg i organisasjonslivet i Sunndal kommune. Perioden 1967-77 var ho medlem av kommunestyret i Sunndal.
Hausten 1977 gjorde Kristeleg Folkeparti eit godt stortingsval i Møre og Romsdal, og Fredriksen fekk tingplass med knapp margin. På Tinget hamna ho i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Fire år seinare vart ho attvald. I si andre og siste tingperiode var ho med i Sosialkomitéen, dei to siste sesjonane var ho sekretær i komiteen.