Aloefamilien
Aloefamilien, også kalla dagliljefamilien eller asfodillfamilien, er ein plantefamilie i aspargesordenen. I APG III- og APG IV-systemet er familien utvida i høve til eldre systematikk ved at tre eldre familiar Asphodelaceae (aloefamilien i snever tyding), Xanthorrhoeaceae og Hemerocallidaceae (dagliljefamilien) er slått saman. I APG III-systemet blir den nye familien kalla Xanthorrhoeaceae, men i APG IV er namnet endra til Asphodelaceae.
Aloefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Aloefamilien Asphodelaceae Juss., 1789 |
Artane i familien er fleirårige urter, buskar og tre. Dei er utbreidde i Afrika, Eurasia, Australia, New Zealand, stillehavsøyane og i vestlege Sør-Amerika. Ingen av artane veks naturleg i Noreg, men ein del av dei finst som hageplanter og nokre av desse finst av og til forvilla.
Slekter
endreTo slekter er registrerte i Noreg:[1][2]
- Asfodillslekta (Asphodelus), ein art registrert i Noreg i einskildfunn
- Dagliljeslekta (Hemerocallis), to artar registrerte i Noreg
Kjelder
endre- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 209–210, 1150.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre aloefamilien». Artsdatabanken. 5. mars 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Aloefamilien» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- «Asphodelaceae». APWEbsite. Henta 4. november 2016.
- The Angiosperm Phylogeny Group III (2009). «An update of the Angiosperm Phylogeny Group classification for the orders and families of flowering plants: APG III». Botanical Journal of the Linnean Society 161 (2): 105-121. doi:10.1111/j.1095-8339.2009.00996.x.
- The Angiosperm Phylogeny Group IV (2016). «An update of the Angiosperm Phylogeny Group classification for the orders and families of flowering plants: APG IV». Botanical Journal of the Linnean Society 181: 1-20. doi:10.1111/boj.12385.
- M.W. Chase, J.L. Reveal og M.F. Fay (2009). «A subfamilial classification for the expanded asparagalean families Amaryllidaceae, Asparagaceae and Xanthorrhoeaceae». Botanical Journal of the Linnean Society 161 (2): 132–136. doi:10.1111/j.1095-8339.2009.00999.x.
- «Aloefamilien». Artsdatabanken. Henta 4. november 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) aloefamilien i Encyclopedia of Life
- (en) aloefamilien i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) aloefamilien hos Dyntaxa
- (en) aloefamilien hos Fossilworks
- (en) aloefamilien hos ITIS
- (en) aloefamilien hos NCBI
- (en) aloefamilien hos The International Plant Names Index
- (en) aloefamilien hos Tropicos
- (en) Kategori:Asphodelaceae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Asphodelaceae – detaljert informasjon på Wikispecies