Astrid Langjord

norsk poet

Astrid Langjord (4. juni 188514. desember 1955) var ei norsk bondekone, diktar og organisasjonskvinne frå Vefsn.

Astrid Langjord
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. juni 1885
Vefsn kommune
Død

desember 1955

Yrke lyrikar, skribent
Språk norsk

Astrid Langjord var fødd på Myrnes ved Fustvatnet. Mora var Berit Danielsdotter, og faren var læraren Olaus Ottesen Myrnes, som døydde då Astrid var fem år gammal. Då flytta mora med fire småjenter heim til Langjorda i Bjørnådalen. Nitten år gammal vart Astrid gift med onkelen Harald Langjord, som kom heim til Bjørnådalen etter å ha vore gullgravar i Amerika.

Utover folkeskulen fekk Astrid Langjord eitt års utdanning på Vefsn folkehøgskule på Halsøy, i 1902, eit fire månaders vevkurs på Statens Industriskule i Kristiania og eitt år ved Voss folkehøgskule, i 1919. Langjord engasjerte seg i mållaget og ungdomslaget, og i 1926–28 var ho formann i nemnda som skulle granske gammal kledebunad i bygdene på Helgeland og utarbeide framlegg til ein nordlandsbunad. I 1949 vart Langjord, som fyrste kvinne, vald inn i styret i Noregs Mållag.

Langjord skreiv dikt og noveller for handskrivne lagsblad og mellom anna for blada Skuld og Unglyden. I 1951 fekk ho gjeve ut diktsamlinga Flyg mine fuglar og i 1956 Ei lita gjente gøymer seg.

I 1984 gav Vefsn kulturstyre ut samlinga Skrifter 1909–1955.

Kjelder endre