Opna hovudmenyen
Sjå og Mannsbunad for Nordland og Troms

Nordlandsbunaden for kvinner vart godkjend på årsmøtet i Hålogaland Ungdomslag i 1928.

Ungdomslaga på Helgeland hadde i 1926 valt ein komité som skulle arbeide med bunadssaka. Ungdomslaga frå Vik i Sømna i sør til Meløy i nord samla saman klede og prydsaum som kunne vere utgangspunkt for ein felles drakt. Ei nemnd med Astrid Langjord, Anne Svare og Inga Rørvik sydde den første bunaden. Nemnda hadde elles hjelp av Dina Kulstad, Astrid Valberg, Åslauf Langjord og Ragnhild Værdalshaug – dei to sistnemnde broderte den første bunaden.

Mønsteret til livstykket vart utarbeidt etter ein brudekjole frå Ravassåsen i Vefsn. Stakken vart utforma slik dei bruka det i Nordland i same tidsperioden. Huva er ikkje rekonstruert, ho var i alminneleg bruk då den første bunaden vart sydd.

Broderiet vart funne i Røyten i Vefsn på ein bringeklut og ei lomme. Det var brodert på grønt ullstoff. Eit broderi med dei same rosene og fargane skal òg ha vore funne på ein ullstakk frå Stø i Vesterålen frå slutten av 1700-talet.

Den første bunadsnemnda ville sy bunaden i grønt ullstoff, slik som i broderia frå Røyten, men sidan det var vanskeleg å få tak i grønt stoff, vart det til at dei lagde den første blå.[1] Sidan er det sydd anten grøne eller blå bunader - den første tida flest grøne, no flest blå.

UtformingEndra

Arbeidet med bunaden skal gjerast nøyaktig, og alt materiale skal vere av beste slag.

Livet har broderte roser på ryggen. Livet sit fast i stakken, som er sid og har broderte roser nedst.

Elles vert det bruka veske med broderi og sølvspenne, og rutet forkle og sjal. Skjorta er sydd i kvitt lin med broderier i kvitt.

KjelderEndra

  • Hålogaland Ungdomslag, bunadsnemnda, 1981: Nordlandsbunaden for kvinner
  • Astrid Langjord: Skrifter (Vefsn kulturstyre 1984)
  1. Karin-Johanne Ness: «Nordlandsbunaden for kvinner» i Årbok for Helgeland 2009

BakgrunnsstoffEndra