Astronomisk middag

Middag er det tidspunktet i løpet av døgnetsola står høgast på himmelen, det vil sei på den nordlege halvkula passerer meridianen i sør, og på den sørlege halvkula i nord. Sann middag refererer til den verkelege sola, medan middelmiddag syner til middelsola. Av praktiske årsaker vert den borgerlage middagen sett til når middelsola passerer ein normalmeridian, som er vald felles for fleire land, slik at dei har same tidssone.

Solur ved Greenwich Royal Observatory med middagsmerke danna av ein analemma.

Middagshøgda er høgda til sola over horisonten ved middag. Middagslinja er skjeringslinja mellom meridian- og horisontplanet. Endepunkta til linja er sørpunktet og nordpunktet på horisonten.

Det motsette av middag er midnatt.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Astronomisk middag