Atlanterhavets blå band
Atlanterhavets blå band (Blue Riband) er ei utmerking som dei passasjerskipa som har føreteke den raskaste turen over Atlanterhavet, enten i vestleg eller austleg retning kan bruke i si marknadsføring.
Den tidlegast registrerte overfarten var i 1838, medan omgrepet «Blå band» fyrst vart brukt omkring 1860. Innehavaren av bandet har rett til å føre ein blå vimpel i toppen av ei mast.
I 1930 tok sir Harold Hales initiativet til stifting av eit trofé (Hales Trophy), som etter det har vorte tildelt den hurtigaste passasjerbåten.
Sidan 1935 har start- og endepunkt vore Bishop Rock i England og Ambrose fyrskip i USA. Den kortaste avstanden mellom desse punkta er 2 777 sjømil, som tilsvarar 5 143 km. Den enkelte overfarten kan vere lenger, avhengig av vind, vêr og havstraumar.
For tida er det den danske ferja Cat-Link V, frå Scandlines, som er innehavar av det blå bandet og det prestisjetunge Hales Trophy, med ei seglingstid på 2 dagar, 20 timar og 9 minutt. Rekorden vart sett i 1998.
Opphavleg var det meininga at bandet skulle tildelast passasjerskip over 10 000 BRT. Dette vart endra på i 1990. Det siste skipet som oppfylte tonnasjevilkåra var den amerikanske SS «United States», som hadde rekorden frå 1952 til 1990.
Start- og stoppdestinasjonar
endre- 1838-1839: Cork, Irland – Sandy Hook, USA
- 1839-1839: Avonmouth, England – New York; USA
- 1841-1841: Liverpool, England – Halifax, Canada
- 1850-1856: Liverpool, England – New York, USA
- 1856-1856: Liverpool, England – Sandy Hook, USA
- 1863-1863: Queenstown, Irland – New York, USA
- 1863-1898: Queenstown, Irland – Sandy Hook, USA
- 1898-1898: Needles, England – Sandy Hook, USA
- 1900-1900: Eddystone, England – Sandy Hook, USA
- 1900-1903: Cherbourg, Frankrig – Sandy Hook, USA
- 1907-1909: Queenstown, Irland – Sandy Hook
- 1909-1909: Queenstown, Irland – Ambrose, USA
- 1929-1933: Cherbourg, Frankrig – Ambrose, USA
- 1933-1933: Gibraltar – Ambrose, USA
- 1935-1998: Bishop Rock, England – Ambrose, USA
Utvalde seglasar
endreNamn på skipet | Årstal | Overfartstid |
---|---|---|
Sirius | 1838 | 18 d. 14 t. 22 min. |
SS «Great Western» | 1838 | 15 d. 12 t. 0 min. |
RMS «Lucania» | 1894 | — |
SS «Kaiser Wilhelm der Grosse» | 1897 | 5 d. 17 t. 23 min. |
SS «Deutschland» | 1900 | 5 d. 11 t. 5 min. |
RMS «Mauretania» | 1907 | — |
SS «Bremen» | 1929 | 4 d. 17 t. 42 min. |
SS «Rex» | 1933 | 4 d. 13 t. 58 min. |
SS «Normandie» | 1935 | — |
RMS «Queen Mary» | 1936 | — |
SS «United States» | 1952 | 3 d. 10 t. 40 min. |
Hoverspeed Great Britain | 1990 | 3 d. 7 t. 54 min. |
Catalonia | 1998 | — |
Cat-Link V | 1998 | 2 d. 20 t. 9 min. |