SS «Normandie» var eit fransk passasjerskip som vart bygd av Chantiers de Penhoët i Saint-Nazaire, Frankrike, for det franske reiarlaget Compagnie Générale Transatlantique (CGT, òg kjend som French Line). Skipet vart sett inn i teneste i transatlantisk drift i 1935, som det største og raskaste passasjerskipet i verda.

SS «Normandie»
Type: linjeskip
Eigar:
Verft: Ateliers et Chantiers de Saint-Nazaire Penhoët
Byggjenummer: T6
Sett i teneste: 1935
Daudvekt: 36 120 tonn[1]
Djupgang: 11,2 meter, 11,6 meter[2][1]
Fart: 35 knop

Art deco-designen og det overdådige interiøret har fått mange til å vurdera skipet som det fremste av alle passasjerskip gjennom tidene. Trass dette var det ikkje ein kommersiell suksess, og var avhengig av statlege tilskot. Under teneste som flaggskip for CGT, gjennomførte «Normandie» 139 vestgåande transatlantiske krysningar frå heimehamna si i Le Havre til New York. «Normandie» vann Atlanterhavets blå band for den raskaste transatlantiske overfarten fleire gonger, der RMS «Queen Mary» frå 1936, var den største rivalen.

Under den andre verdskrigen vart «Normandie» beslaglagt av amerikanske styresmakter i New York og omdøypt USS «Lafayette». I 1942 tok skipet fyr medan det vart ombygd til troppetransportskip, kantra mot babord og vart liggjande i Hudsonelva ved Pir 88, staden for den noverande passasjerskipsterminalen i New York; «New York Passenger Ship Terminal». På grunn av store kostnader vart restaurering sett på for urealistisk, og skipet vart difor selt for opphogging i oktober 1946.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  1. 1,0 1,1 https://www.hafen-hamburg.de/de/schiffe/mehrzweckschiffe; vitjingsdato: 23. januar 2020.
  2. https://www.hafen-hamburg.de/de/schiffe; vitjingsdato: 23. januar 2020.