Atlanterhavsparken

62°27′57″N 6°5′44″E / 62.46583°N 6.09556°E / 62.46583; 6.09556

Atlanterhavsparken

Skipa1998
HovudkontorÅlesund
LandNoreg
NettstadOffisiell nettstad
Inngangen til atlanterhavsparken i Ålesund.
Mating av fisk i den store saltvasstanken.

Atlanterhavsparken er eit akvariumanlegg i Ålesund, og eit av dei største saltvassakvariuma i Nord-Europa. Akvariet ligg på Tueneset ved Skarbøvika, heilt ut mot havet i bydelen Hessa, omlag tre km frå Ålesund sentrum.[1]

Atlanterhavsparken vart opna 15. juni 1998 av det norske kongeparet under 150-årsjubileet til Ålesund. Byggjekostnadane vart kalkulerte til 65,5 millionar kroner. Over 140 000 menneske vitja det nye akvariet i opningsåret. Etter fleire år med dårlege vitjingstal, var talet igjen oppe i 140 000 i 2017.[2]

I tillegg til fleire landskapsakvarium med vindauge på omlag sju og ni meter i breidde, har Atlanterhavsparken ein 36 meter lang og 17 meter brei akvarietank. Vatnet til tanken er ufiltrert og vert pumpa direkte frå sjøen like utanfor akvariet, på 45 meters djup. Åpninga på vindauget i tanken er 18 meter breitt og 4 meter høgt. Atlanterhavsparken har òg oterbasseng, selbasseng med steinkobbar og pingvinanlegg med humboltpingvinar.[2][3]

Atlanterhavsparken, NTNU og Møreforsking signerte i 2018 ein samarbeidsavtale som skal gjere akvariet til Noregs nasjonale akvarium og marint vitesenter.[4]

Kjelder endre

  1. «Om Atlanterhavsparken». Atlanterhavsparken (på engelsk). Arkivert frå originalen 23. april 2018. Henta 22. april 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Akvariet: Fra ville vyer til virkelighet». smp (på norsk bokmål). 20. april 2018. Henta 22. april 2018.  (treng abonnement)
  3. «Ekte opplevelser i ekte omgivelser». Atlanterhavsparken (på engelsk). Arkivert frå originalen 23. april 2018. Henta 22. april 2018. 
  4. Otterlei, Inger (20. april 2018). «– Skal bli Norges nasjonale akvarium». smp.no (på norsk bokmål). Henta 22. april 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Atlanterhavsparken