Atle Lunn (fødd 20. oktober 1969) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Biri i Oppland som i åra 1991 og 1994–96 vart noregsmeister på 400 meter hekk. Han var medlem av Biri Idrettslag og sidan Minerva Friidrett.

Atle Lunn
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. oktober 1969 (54 år)
Idrett friidrett

Lunn sette i 1989 personleg rekord på langhekken med eit løp på 52,25 sekund. To år seinare vart han noko overraskande norsk meister i øvinga. Gjennom 1994-sesongen flytta han sin personbeste fleire gongar, sist til 51,41 då han vann NM-gull på Jessheim. Tida var norsk årsbeste, det var også 51,68 i 1995 og 51,32 i 1986. Den siste tida presterte han under noregsmeisterskapen i Kristiansand, der han sikra seg sitt tredje strake NM-gull i 400 m hekk og fjerde totalt.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre