Atle McAdam (fødd 18. juni 1977) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Oslo. Åra frå 1995 til 2011 tok han ti NM-medaljar på 400 meter hekk, tre i gull. Han var norsk rekordhaldar i øvinga frå 2003 til 2013 og medlem i IK Tjalve.

Atle McAdam


Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. juni 1977 (46 år)
Oslo
Idrett friidrett

Aktiv endre

McAdam vart norsk meister på 400 m hekk fyrste gongen i 2000. Sidan vann han NM-gull i 2002 og 2004. 31. mai 2003 sletta han Petter Hesselberg sin 19 år gamle noregsrekord i øvinga då han i Florø kom i mål på tida 50,67 sekund. Den nye noregsrekorden gjaldt i 10 år og 3 veker, til dess Øyvind Kjerpeset vart fyrste nordmann under 50 sekund på langhekken.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre