Atonismen var ein monoteistisk religion i det gamle Egypt, skapt og innført som statsreligion av farao Amenhotep IV, betre kjend under det sjølvvalde namnet Akhenaton. Atonismen var statsreligion i rundt 20 år på 1300-talet f.Kr. Religionen er den eldste kjende og vel-dokumenterte monoteistiske religionen.

Farao Akhenaton, framstil som ein sfinks, dyrkar Aton, framstilt som sola med hender ytst på strålane.
Farao Akhenaton og familie dyrkar Aton.

Guddommen Aton blei innført som hovudgud i det femte året av regjeringstida til Amenhotep IV, som då tok namnet Akhenaton. Faraoen grunnla òg den nye hovudstaden Akhetaton (no Amarna) på denne tida, og skilde dermed hoffet frå dei mektige prestane i Theben. Han byrja òg to store utbyggingsprosjekt av tempel i Karnak og Theben, nær tempelet til den viktige guden Amon.

I det niande året av regjeringstida innførte Akhenaton atonismen som einaste lovlege religion. Aton var ikkje berre den høgaste guden (henoteisme), men den einaste (monoteisme).Dei varierte gudebilda blei erstatta av solskiva som gudesymbol, tempel til andre gudar blei stengde, og ordet «gudar» i fleirtal blei forbode. Til protestar frå Amon-prestane blei Amon rituelt drepen, bilde og statuar av han øydelagde, og eigedommane vigde til Amon beslaglagt av staten.

Under Tutankhamon (opphavleg Tutankhaton) blei den tradisjonelle polyteistiske religionen gjeninnført. Atenismen og Akhetaten blei forlatne. Faraoar knytt til atonismen blei seinare forsøkt sletta frå monument og oppteikningar.

Sjå og endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre