Audun Illskælda
Audun Illskælda (norrønt Auðunn illskælda) var ein norsk skald som var aktiv på slutten 800-talet. Fødeår og fødestad er ikkje kjent, heller ikkje når han døydde.
Norrøne kjelder
endreI Skaldatal[1] er han ført opp som ein av skaldane hos kong Harald Hårfagre.
I Egilssoga[2] er han nemnt som ein av skaldane i hirda til kong Harald Hårfagre, der han hadde setet sitt i det andre høgsetet[Note 1], ved sida av skaldane Torbjørn Hornklove og Olve Nuva. Audun er nemnt som den eldste av dei tre skaldane.
Liv og skaldskap
endreDet einaste ein veit om livet hans, er det som er nemnt i den historisk usikre forteljinga «Soga om kong Harald Hårfagre sine skaldar»[3], og der blir det òg gitt ei forklaring på tilnamnet hans. Han skal ha gjort eit dikt der han hadde kopiert omkvedet frå ei dråpa som skalden Úlfr Sebbason[Note 2] hadde gjort til kong Harald, og plagiatet gav han tilnamnet «illskælda» det vil seie «den dårlege skalden» og diktet hans vart kalla «det stolne stevet» (stolinstefja).
Diktet som Audun Illskælda skal ha gjort til kong Harald Hårfagre, er gått tapt, og i dag kjenner ein til berre to lausaviser[4][5] som han skal ha dikta.
Notar
endreReferansar
endreBakgrunnsstoff
endre- Audun illskælda Store norske leksikon
- Audun Illskälda Nordisk familjebok (1904:385)
- Den Norsk-Islandske Skjaldedigtning av Finnur Jónsson (side 6).
- Den oldnorske og oldislandske litteraturs histore av Finnur Jónsson (1.bind)