Olve Nuva
Olve Nuva (Ǫlvir hnúfa) var ein norsk skald som levde på slutten av 800-talet og i byrjinga av 900-talet.
Olve Nuva | |
Fødd | 9. hundreåret |
Død | |
Yrke | oppdagar, lyrikar |
Far | Berle-Kari |
Far hans var Kåre Vemundsson (Berle-Kåre eller Berdlu-Kåre) frå garden Berle ved Hornelen i Bremanger. Bror hans var Øyvind Lambe, lendmann på Sandnes i Alsta som var farfar til skalden Øyvind Skaldespiller. Syster til Olve var Salbjørg som var gift med Kveldulv Bjalvesson og ho var såleis bestemor til skalden Egil Skallagrimsson. Sonen til Salbjørg var Torolv Kveldulvsson.
I Skaldatal[1] er Olve nemnt som ein av skaldane hjå Harald Hårfagre og han var samtidig med skaldane Torbjørn Hornklove og Audun Illskælda. Det meste vi elles veit om Olve, er det vi kan lese om han i soga om Egil Skallagrimsson. Han er så vidt omtala i islendingesoga om Gull-Tore (gull-Þóris saga).
Tilnamnet hnúfa skulle tyde på at han hadde fått avhogd nasa i ein eller annan sverdstrid.
Vi kjenner til desse dikta av Olve Nuva: «Lausavise»[2] og «Dikt om Tor».[3]
Referansar
endre- ↑ Skaldatal frå heimskringla.no
- ↑ Lausavise Arkivert 2016-03-09 ved Wayback Machine. frå Skalidic Project
- ↑ Dikt om Tor Arkivert 2016-03-10 ved Wayback Machine. frå Skaldic Project
Bakgrunnsstoff
endre- Egils soga omsett av Johan Hovstad (1945)
- Gull-Þóris saga eller Þorskfirðinga saga v/Kr. Kålund (1898)
- Den Norsk-Islandske Skjaldedigtning Finnur Jonsson
- Vikinghovdingane frå Berle NRK Sogn og Fjordane