Audun Malvin Nerland (fødd 14. september 1945) er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå Vistdal i Nesset og seinare forretningsmann i Molde.

Audun Nerland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. september 1945 (78 år)
Idrett langrenn

Karriere endre

Nerland var medlem av Vistdal Idrettslag fram til 1970, sidan av Idrottslaget BUL i Oslo. Han fekk sitt gjennombrot då han i 1971 vann femmila under prøve-OL i Sapporo. Tevlinga fann stad samstundes som noregsmeisterskapen, så han fekk ikkje prøvt seg mot dei beste norske i NM-samanheng før året etter. Under NM 1972 i Tydal kom han på andreplass på 30 km, berre slått av Pål Tyldum som seinare i sesongen vart olympisk meister på 50 km. Åra 1972-76 var Nerland med på BUL sitt tremannslag som vann NM-stafetten over 3x10 km fem år på rad. Nerland gjekk alle gongane andre-etappen, Eystein Weltzien den første og Odd Martinsen den siste.

Besteplasseringar i internasjonale renn endre

  • 1969: Nr 13 på 50 km i Holmenkollen
  • 1970: Nr 9 på 50 km i Lahti
  • 1971: Vinnar av 50 km prøve-OL i Sapporo
  • 1972: Nr 8 på 50 km i Holmenkollen
  • 1973: Nr 4 på 15 km og 5 på 50 km i Holmenkollen
  • 1974:
  • 1975: Nr 10 på 50 km i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar