Michael Brecker

amerikansk musikar

Michael Leonard Brecker (29. mars 194913. januar 2007) var ein amerikansk jazz-saksofonisten og komponist. Han vart omtalt som «ein roleg, venleg musikar rekna som den viktigaste tenorsaksofonisten sidan John Coltrane»,[3] og vann 15 Grammy-prisar både som musikar og komponist. Han vart æresdoktor ved Berklee College of Music i 2004,[4] og vart innlemma i Down Beat Jazz Hall of Fame i 2007.

Michael Brecker

Michael Brecker i juli 2004 under «Jazz for Kerry» på Manhattan.
Fødd29. mars 1949
FødestadCheltenham i Pennsylvania i USA
Død13. januar 2007 (57 år)
DødsstadNew York City i New York i USA
FødenamnMichael Leonard Brecker
OpphavUSA
Aktiv1969–2007
SjangerJazz, post-bop,[1][2] jazzfusion, funk, R&B, rock
Instrumenttenorsaksofon, EWI
Tilknytte artistarSteps Ahead, Miles Davis, Charles Mingus, Pat Metheny, Jaco Pastorius, Steely Dan, Todd Rundgren, Horace Silver, Chick Corea, James Taylor, John Abercrombie, Billy Cobham, Herbie Hancock, George Benson, Quincy Jones, Eddie Gomez, Elvin Jones, Joni Mitchell, Parliament-Funkadelic
PlateselskapImpulse!
Verka somsaksofonisten, komponist

Med broren Randy Brecker studerte han ved Indiana University, før dei flytta til New York City og leia gruppene «Dreams» (1970-71) og Brecker Brothers (1975-82). Utover 80-talet spelte han med ei rekkje av dei leiande artistane i verda som James Taylor, Paul Simon og Joni Mitchell.

Den seinare tida (2001-) tok han del i turneen «Directions in Music» med Herbie Hancock piano, Roy Hargrove trompet, Brian Blade trommer og John Patitucci bass, dei gjesta Moldejazz 2002. Han gav ut Michael Brecker/Pat Metheny Special Quartet frå Kongsberg Jazzfestival (2000). Vidare var han hovudgjest ved Moldejazz 2003 der han innleidde eit lengre samarbeid med Farmers Market, og dessutan spelte med Urban Connection.

Biografi

endre

Tidleg liv og karriere

endre

Han var fødd i Philadelphia i Pennsylvania og voks opp i Cheltenham Township, ein lokal forstad. Faren, som var ein amatør-jazzpianist, spelte tidleg jazz for Brecker. Han voks opp som ein del av ein generasjon jazzmusikarar som ikkje såg rock som fienden, men som eit levedyktig musikalsk alternativ. Brecker byrja å studere klarinett, og gjekk over til altsaksofon på skulen, før han slo seg til med tenorsaksofon som hovudinstrument. Han gjekk ut frå Cheltenham High School i 1967 og etter berre eitt år på Indiana University flytta han til New York City i 1969, der han sette seg på kartet som ein dynamisk og spanande jazz-solospelar. Han markerte seg først som 21 åring som medlem av jazz-rockbandet Dreams—eit band der han spelte med den eldre broren, trompetisten Randy Brecker, trombonist Barry Rogers, trommeslagaren Billy Cobham, klaverspelar Jeff Kent og bassist Doug Lubahn. Dreams vart kortvarig, berre eitt år, men Miles Davis vart sett på nokre av konsertane deira før innspelinga hans av Jack Johnson.[5]

Det meste av den tidlege musikken til Brecker var prega vel så mykje av rockegitar, som av R&B-saksofon. Etter Dreams, arbeidde han med Horace Silver og så Billy Cobham før han igjen slo seg saman broren Randy og danna Brecker Brothers. Bandet følgde jazz-rocktrenden på den tida, men med meir fokus på strukturerte arrangement, tyngre rytme og sterkare påverknad frå rock. Bandet heldt i lag frå 1975 til 1982, og hadde musikal suksess.

Sidemann og leiar

endre

Brecker var etterspurd som soloist og sidemann. Han spelte med band som spelte alt frå standard jazz til standard rock. I alt deltok han på over 700 album, anten som bandmedlem eller som gjesteartist. Han sette merket sitt på mange pop- og rockeinnspelignar som soloist. I 1972 spelte han til dømes på James Taylor-albumet One Man Dog, på songen «Don't Let Me Be Lonely Tonight» i lag med andre akustiske instrument og enkel vokal. I 1975 spelte han med Paul Simon på albumet Still Crazy After All These Years, der soloen på tittelsporet er dominerande. Solane hans er ofte nytta i mellomspelet, eller lagt til som avsluttande del. Denne kombinasjonen av musikalsk struktur og instrumentering er typisk (og til ein viss grad definerande) for denne jazzrockstilen. Andre kjende samarbeid var med Steely Dan, Lou Reed, Donald Fagen, Dire Straits, Joni Mitchell, Eric Clapton, Billy Joel, John Lennon, Aerosmith, Dan Fogelberg, Frank Sinatra, Frank Zappa, Bruce Springsteen og Parliament-Funkadelic.

Brecker spelte òg med leiande jazzmusikarar på denne tida, som Herbie Hancock, Chick Corea, Chet Baker, George Benson, Quincy Jones, Charles Mingus, Jaco Pastorius, McCoy Tyner, Pat Metheny, Elvin Jones og Claus Ogerman.

Seinare karriere

endre

Tidleg i 1980-pra var han òg medlem av Saturday Night Live Band. Brecker er mellom anna med i bakgrunnen under Eddie Murphy sin James Brown-parodi. Etter ein kort periode som medlem i supergruppa Steps Ahead med Mike Mainieri, spelte Brecker inn eit soloalbum i 1987. Debutalbumet er kalla opp etter han sjølv og består av meir tradisjonell jazz. Her spelar han mellom anna EWI (Electronic Wind Instrument), som Brecker tidlegare hadde nytta i Steps Ahead. I 1987 spelte han det nye albumet sitt på JVC Newport Jazz Festival, og nytta òg her EWI. Brecker heldt fram å spele inn eigne album gjennom 1990- og 2000-åra og vann fleire Grammy-prisar. Solo- og gruppeturneane hans var utselde verda over.[treng kjelde]

Han turnerte i 2001 med gruppa Hancock-Brecker-Hargrove. Denne turneen var tileigna jazzpionerane John Coltrane og Miles Davis. Brecker hylla Coltrane med å spele signaturstykket til Coltrane, «Naima». Denne komposisjonen er eit av dei definitive verka for tenorsaksofon og er ein krevjande solo, som synte dugleiken til Brecker på instrumentet.[treng kjelde] Konsertalbumet frå turneen, Directions in Music: Live At Massey Hall (2002), vann ein Grammy for beste jazzinstrumentalalbum i 2003.

Mount Fuji Jazz Festival i 2004 opplevde Brecker ein sterk smerte i ryggen. Kort tid etter, i 2005, fekk han diagnosen myelodysplastisk syndrom (MDS). Trass i at det vart leita verda over, klarte ikkje Brecker å finne ein høvande stamcelledonor. I 2005 vart han operert med ein eksperimentell stamcelletransplantasjon. Seint i 2006 verka han å vere betre, men behandlinga synte seg å ikkje vere ein kur. Han heldt den siste konserten sin 23. juni 2006, då han spelte med Hancock i Carnegie Hall.

Den 13. januar 2007, døydde Brecker av leukemi i New York City. Gravferda hans vart halden 15. januar 2007 i Hastings-on-Hudson i New York.

Ettermæle

endre
 
Michael Brecker i München i juli 2001.

Den 11. februar 2007, fekk Brecker to posthume Grammy-prisar for albumet i lag med broren Randy frå 2005, Some Skunk Funk.

Den 22. mai 2007, vart den siste innspelinga hans, Pilgrimage, gjeve ut og fekk god kritikk. Det vart innspelt i august 2006 med Pat Metheny på gitar, John Patitucci på bass, Jack DeJohnette på trommer og Hancock og Brad Mehldau på piano. Brecker var kritisk sjuk då det vart spelt inn.[6] Brecker fekk igjen to posthume Gramm-prisar for albumet året etter og fekk dermed i alt 15 Grammy-prisar.

Utvald diskografi

endre
 
Michael Brecker i Hamburg (1981)

Som leiar

endre

Som gjesteartist

endre

Kjelder

endre
  1. «Michael Brecker 3/29/49 - 1/13/07 | Dusty Wright's Culture Catch». Culturecatch.com. 16. januar 2007. Arkivert frå originalen 1. april 2012. Henta 5. juli 2014. 
  2. «Retnings In Music – Michael Brecker/ Herbie Hancock/ Roy Hargrove | Jazzbo Notes». Webcache.googleusercontent.com. 9. juni 2012. Arkivert frå originalen 20. november 2012. Henta 5. juli 2014. 
  3. Gans, Charles J. (AP). «Saxophonist Completes Final Pilgrimage". The San Francisco Chronicle. mai 24, 2007. Henta 5. juli 2014.
  4. Small, Mark. «Saxophonist Michael Brecker—11-Time Grammy Winner, Session Player med Jazz and Pop Legends—to Welcome Entering Class, Accept Honorary Doctorate at Berklee College of Music Fall Convocation». Arkivert frå originalen 10. september 2006. Henta 22 august 2012. 
  5. «IN MEMORIUM – MICHAEL BRECKER – Jazz-Rock Artists». Jazz-rock.com. Henta 5. juli 2014. 
  6. Kilgannon, Corey (juni 2, 2007). «''New York Times'' «A Jazzman’s Farewell Album, All Heart and Soul» juni 2, 2007». Nytimes.com. Henta 5. juli 2014. 
  7. «VIEW DVD Listing». View.com. Henta 5. juli 2014. 
  8. «VIEW DVD Listing». View.com. Henta 5. juli 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre