Jon Faddis
Jon Faddis (fødd 24. juli 1953) er ein amerikansk jazztrompetist, dirigent, komponist og lærar. Han vart først kjend for å kunne etterlikne trompetstilen til ikonet Dizzy Gillespie, so var mentoren hans i lag med Stan Kenton-trompetisten Bill Catalano.
Jon Faddis | |||
Jon Faddis i 2007. | |||
Fødd | 24. juli 1953 (71 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oakland i California | ||
Fødenamn | Jonathan Faddis | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1971 til i dag | ||
Sjanger | Bebop, jazz | ||
Instrument | Trompet, flygelhorn | ||
Kjende instrument | Schilke S-42L trompet | ||
Plateselskap | MNRK Music Group | ||
Verka som | Trompetist, dirigent, komponist, lærar |
Biografi
endre18 år gammal vart han med storbandet til Lionel Hampton før han vart med Thad Jones/Mel Lewis Orchestra som førstetrompetist. Etter å ha spelt med Charles Mingus tidleg i 20-åra, vart Faddis ein kjend studiomusikar i New York, og spelte på mange popplater i 1970- og 1980-åra. I midten av 1980-åra forlét han studioa og starta ein solokarriere, som førte til album som Legacy, Into The Faddisphere og Hornucopia. Han var leiar og førstetrompetist for Dizzy Gillespie 70-årsdagsstorband og Dizzy's United Nation Orchestra. Frå 1992 til 2002 leia Faddis Carnegie Hall Jazz Band (CHJB) ved Carnegie Hall, og dirigerte meir enn 40 konsertar på ti år.
Faddis leia òg Dizzy Gillespie Alumni All-Stars og the Dizzy Gillespie Alumni All-Stars Big Band frå starten i 2004, då han vart utpeikt som kunstnarisk leiar for Chicago Jazz Ensemble (CJE), frå 2004 til 2010.
I 1999 gav Faddis ut Remembrances som han fekk ein Grammy-nominasjon for. Det bestod nesten utelukkande av balladar og var eit samarbeid med den argentinske komponisten/arrangøren Carlos Franzetti.
Faddis var med i filmen Blues Brothers 2000 frå 1998. I filmen spelar han trompet med The Louisiana Gator Boys.
Han er onkel til Madlib og Oh No, to hip-hop-produsentar.[1]
Diskografi
endreSom leiar
endre- 1974: Jon & Billy (Storyville Records) med Billy Harper
- 1976: Youngblood
- 1978: Good and Plenty
- 1985: Legacy (Concord Jazz)
- 1989: Into the Faddisphere (Sony/Epic Records)
- 1991: Hornucopia (Sony/Epic Records)
- 1995: The Carnegie Hall Jazz Band (Blue Note)
- 1997: Swing Summit: Passing On The Torch
- 1997: Eastwood After Hours: Live at Carnegie Hall (Malposo Records/Warner Bros. Records)
- 1998: Remembrances (Chesky)
- 2006: Teranga (Koch Records/E1)
Som sidemann
endreMed Gil Evans
- Live at the Public Theater (New York 1980) (Trio, 1981)
Med Dizzy Gillespie
- Dizzy Gillespie Jam (Pablo, 1977)
- To Diz with Love (Telarc, 1992)
'As Music Director for The Dizzy Gillespie Alumni All-Stars
- Dizzy’s 80th Birthday Party (1997)
- Dizzy’s World (1999)
- Things to Come» (Telarc, 2000)
Med Rusty Bryant
- Until It's Time for You to Go (Prestige, 1974)
Med Jack McDuff
- The Fourth Dimension (Cadet, 1974)
Med Oscar Peterson
- Oscar Peterson & Jon Faddis (Pablo Records, 1975)
Med Charles Mingus
- Charles Mingus and Friends in Concert (Columbia, 1972)
Med Charles Tolliver
- Impact (1972)
Med Anthony Braxton
- Creative Orchestra Music 1976 (Arista, 1976)
Med Kenny Burrell
- Ellington Is Forever (Fantasy, 1975)
Med Charles Earland
- Intensity (Prestige, 1972)
- Charles III (Prestige, 1973)
- The Dynamite Brothers (Prestige, 1973)
- Kharma (Prestige, 1974)
Med Jerry Fielding
- The Gauntlet (Warner Records, 1978)
Med Grant Green
- The Main Attraction (1976)
- Easy (1978)
Med Johnny Hammond
- The Prophet (Kudu, 1972)
- Higher Ground (Kudu, 1973)
Med Paul Simon
Med Billy Joel
Med Michel Camilo
Med Don Sebesky
- The Rape of El Morro (CTI, 1975)
Med Lalo Schifrin
- Black Widow (CTI, 1976)
- More Jazz Meets the Symphony (Atlantic, 1993)
- Firebird: Jazz Meets the Symphony No. 3 (Four Winds, 1995)
- Lalo Schifrin with WDR Big Band: Gillespiana (1996)
- Latin Jazz Suite (1999)
- Ins and Outs – Lalo Live at the Blue Note (2002)
Med Leon Spencer
- Where I'm Coming From (Prestige, 1973)
Med Jeremy Steig
- Firefly (CTI, 1977)
Med Gábor Szabó
- Macho (Salvation, 1975)
Med Steve Turre
Med Randy Weston
- Tanjah (Polydor, 1973)
- Circus Town (1976)
- Pocket Music (1986)
- Boku No Naka No Syounen (1988)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jon Faddis» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: