Opna hovudmenyen

Augusta Abrahamsen (fødd 18. desember 1861 i Valle, død 24. juli 1959)[1][2] var ein norsk forfattar, godtemplar og kvinnesakskvinne.

Augusta Abrahamsen
Pseudonym Augusta
Nasjonalitet Norsk
Fødd 18. desember 1861
i Valle
Død

24. juli 1959 (97 år)

Yrke Forfattar
Ektefelle Lars Kristian Abrahamsen

Jentenamnet hennar var Augusta Falkenberg og ho var dotter til prost Magnus Flakenberg og kona Bolette Margrethe, fødd Søeberg.[2] Familien flytte frå Valle til Flekkefjord då Augusta var to år gamal, og ho voks opp i den vesle kystbyen.[2] Seinare flytte dei til Larvik og ho tok der middelskuleeksamen i 1880.[3] I 1891 gifte ho seg med sakføraren Lars Kristian Abrahamsen.[2] Han vart politikar for Venstre og sat fleire periodar på Stortinget og var også statsråd. Begge var aktive i fråhaldsrørsla og ho var ein leiar i Larvik i arbeidet for stemmerett for kvinner.[4]

Augusta Abrahamsen byrja tidleg å skrive. Ho hadde stykke på prent i ulike blad og aviser, men ho skreiv då ikkje under fullt namn, berre Augusta.[2] Fyrste boka ho fekk gjeve ut kom på svensk i 1894, Storskrytaren och andra berättelser för barn. Det var ei samling forteljingar tidlegare prenta i ulike blad.[2] Den fyrste norske bokutgjevinga hennar kom i 1901 og heitte 8 barnefortællinger.

BøkerEndra

  • 1894 – Storskrytaren och andra berättelser för barn – Forteljingar for born
  • 1901 – 8 barnefortællinger – Forteljingar for born
  • 1908 – Radikalerens hustru ; Mammon ; Faderløs ; Henrik – Forteljingar
  • 1912 – Den lille tyske musikant : og andre barnefortællinger – Forteljingar for barn
  • 1939 – For lenge, lenge siden : fortellinger fra mors og bestemors tid – Forteljingar i utval ved Idar Handagard

ReferansarEndra

  1. ««Gravminner i Norge»». DIS Norge. Henta 8. mars 2013. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Idar Handagard (1915). «Augusta Abrahamsen». Fem folkedigtere : John Dahl, Ole Sneve, Waldemar Ager, Augusta Abrahamsen, Mauritz Sterner. Trondheim: I.O.G.T.s Norske forlag. s. 107-120. 
  3. Nanna With, red. (1920). «Abrahamsen, Augusta». Illustrert biografisk leksikon over kjendte norske mænd og kvinder («Folkeutgave» utg.). Kristiania: With & Co. Forlag. s. 22-23. 
  4. Helene Langsether (5. juli 2008). ««Et skammelig krav»». forskning.no. Henta 8. mars 2013. 

BakgrunnsstoffEndra