Opna hovudmenyen

Idar Handagard (9. august 187411. desember 1959) var lege, botanikar, nynorskforkjempar, fråhaldsagitator og statsstipendiat frå Kristiansund.

Idar Handagard
Fødd 9. august 1874
Død

11. desember 1959

Yrke botanikar, lege, lyrikar

Idar Handagard blei født i Kristiansund og voks opp der og i Bergen. Han blei cand.med. i 1905, og fekk i 1907 kongens gullmedalje for ei avhandling om norske plantenamn. Same året fekk han òg ein pris for den fyrste nynorske læreboka i helselære: Mannalikamen og helsa. Denne boka kom med tida i mange opplag.

Forfattarskapen og engasjementet hans omfatta målrørsla, fråhaldssaka og eit venstreorientert standpunkt i fleire samfunnsspørsmål. Han skreiv om og beundra Oscar Nissen, som var leiar av både Det Norske Totalavholdsselskap og Arbeidarpartiet.

Handagard var styremedlem i Studentmållaget frå hausten 1901 til og med hausten 1902.

Han praktiserte aldri som lækjar, men var ein aktiv skribent, og skreiv meir enn 500 bøker og hefter: Doktorboki (1913), Vanlege sjukdomar (1925), engasjerte seg i Grønlandssaka, og skreiv fleire korte diktarbiografiar i serien småskriftar for bokvenner (om Ivar Aasen, Kristofer Janson, Wessel og Henrik Wergeland): Han skreiv òg mange diktsamlingar, og nokre av dikta er tonsette. Verselæra Norsk verselæra blei lenge brukt som lærebok på universitet.

Handagard var lenge og aktivt oppteken av fråhaldssaka, mellom anna gjennom Studentfråhaldslaget i Oslo. Motivasjonen hans var kristenetisk, ålmenetisk og medisinsk. Han skreiv fleire artiklar om fråhaldsrørsla si historie og fråhaldsrørsla sine pionerar. Særleg kan ein nemna litteraturhistoriske verket En samfunns-ide og dens digtere (1915).

Handagard skreiv dikt og bokmeldingar i DNT sitt blad Menneskevennen.

Idar Handagard blei statsstipendiat i 1932.

LitteraturEndra

  • Det gamle og det nye aar : nytaarsfantasi i en akt. 1897
  • Under blaat flag : sange og tendens-digte. 1900
  • «Fosna-maale : eit norskt bymaal» I: Syn og Segn, 1901
  • Sang sub rosa og andre digte. 1902
  • Aalmenne sjukdomar. 1902
  • Efterglemte sange. 1905
  • Mannalikamen og helsa. 1907
  • Livsens leik[dikt]. 1908
  • I Her-òta[dikt]. 1909
  • Aasmund Vinje i Staalediktet. 1909
  • Norsk helselæra. Dei fyrste grunnarne. 1910
  • Saftbogen : en veiledning for husmødre. 1912
  • Doktarboki : ei rettleiding fyr folket. 1913
  • En samfunds-idé og dens digtere. 1915
  • Bd 1: Wergeland og Welhaven og deira stilling til ædruelighetsarbeide
  • Bd 2: Fem folkedigtere : John Dahl, Ole Sneve, Waldemar Ager, Augusta Abrahamsen, Mauritz Sterner
  • Folkesuveræniteten og Grønlandsspørgsmaalet. 1922
  • Vanlege sjukdomar. 1925
  • Norsk verslæra. 1932
  • Danmarks urett og Noregs rett til Grønland . 1932
  • Victor Hugo. Dei bannstøytte. Umsett av Idar Handagard. 1933 (Les Miserables)
  • Nye songar og nye salmor. 1938
  • Rytme og rim : Stutt verslæra : Med ei rytmetavla. 1944
  • Sambok 90 bøker/hefter av/om ham
Om han
  • Hørven. Lars. Idar Handgard. 1928
  • Bakken Ove; Sundet Olav. Idar Handgard - mannen og livsverket hans. Globusforlaget 1944
  • Johnsen,H.:Norsk Avholdslitteratur II. Oslo 1954.
  • Søraa, Ø: Idar Handagard 85 år. I: Folket 7/8-1959
  • Handagard, Sara. Idar Handagard : bibliografi 1893-1956. Oslo, 1988 ISBN 82-991612-0-7

KjelderEndra