Aulikki Rautawaara

Terttu Aulikki Rautawaara (2. mai 190629. desember 1990) var ein finsk sopran. Ho er best kjend for å ha framført musikk av Jean Sibelius og Wolfgang Amadeus Mozart, og stod bak nokre av dei fyrste innspelingane av Sibelius utanfor Skandinavia.[1]

Aulikki Rautawaara
Aulikki-Rautawaara.jpg
Fødd2. mai 1906
FødestadVasa
Død29. desember 1990 (84 år)
DødsstadHelsingfors
FødenamnTerttu Aulikki Rautawaara
OpphavFinland
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
Verka somsongar, operasongar, filmskodespelar

BiografiEndra

Rautawaara var fødd i Vasa som dotter av songaren og kordirigenten Gustaf Wäinö Rautawaara (opphavleg Jernberg, 1872–1950) og Wenny Johanna Emilia von Essen. Foreldra hadde ein egen musikkskule der mora underviste i piano og faren i song. Frå byrjinga hadde dei tenkt seg at Aulikki Rautawaara skulle bli pianist, men etter å ha skadd fingeren i unge år, byrja ho ta songleksjonar av faren. Rautawaara studerte ved Helsingfors konservatorium 1922–25 og gav konsertar i 1927. Åra 1932–33 var Rautawaara tilslutta Den finske operaen, og blei snart gjeven nok bidrag til å kunna avslutta studia sine i Berlin. Gjennom kapellmeisteren Wilhelm Furtwängler fekk ho kontakt med operaen i Hamburg. Ho opptredde òg ved tyske og austerrikske operascenar. Rautawaara gjorde òg opptak med plateselskapet Telefunken og registrerte over hundre opptak.

Rautawaara si innspeling av «Ach, ich fühl's» frå Die Zauberflöte (Tryllefløyta) frå 1938, med Orchester des Deutschen Opernhauses i Berlin dirigert av Hans Schmidt-Isserstedt.

Ho spelte grevinne Almaviva i Figaros bryllup av Mozart i den fyrste operaframføringa ved Glyndebourne festival i 1934,[2] og fortsette å ha ei rekkje roller i operaer framførte ved Glyndebourne på 1930-talet. Ho spelte inn fleire duettar med mellom anna tenoren Peter Anders. Ho var også med i britiske og tyske filmar på 1930-talet.[3] I 1945 dediserte Jean Sibelius Hymne til Thaïs tuk henne.[4]

Aulikki Rautawaara var gift med songaren, tekstforfattaren, soldaten og journalisten Reino Palmroth 1928–31. Frå 1938 til 1954 var ho gift med godseigaren Gunnar Aminoff. Ho var gift for tredje gong med komponisten Erik Bergman 1956–58. Bror hennar var cellisten Pentti Rautawaara, og ho var syskenbarn av Einojuhani Rautavaara.

KjelderEndra

  1. Michael Kennedy (2002). Marian Anderson: A Singer's Journey. University of Illinois Press. s. 174. ISBN 0-252-07067-4. 
  2. Michael Kennedy (2010). Glyndebourne: A Short History. Shire Publications. s. 21. ISBN 978-0-7478-0821-3. 
  3. Ruth-Esther Hillila, Barbara Blanchard Hong (1997). Historical Dictionary of the Music and Musicians of Finland. Greenwood. s. 333. ISBN 0-313-27728-1. 
  4. Andrew Barnett (2007). Sibelius. Yale University Press. s. 345. ISBN 978-0-300-11159-0.