Auskerry (norrønt Austrsker, «austskjeret») er ei lita øy aust i Orknøyane. Ho ligg i Nordsjøen sør for Stronsay. Det står eit fyr på øya, bygt i 1866.

Auskerry
Geografi
Auskerry is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 59°02′03″N 2°34′05″W / 59.03429°N 2.56798°W / 59.03429; -2.56798
Øygruppe Orknøyane

Areal 0,85 km²

Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane

Demografi
Folketal 5 (2001)
Folketettleik 5,9 /km²
Auskerry fyr

Skildring endre

Auskerry er ei lita, flat øy av raud sandstein, 4,5 km sør for Stronsay.[1] Ein ståande stein og eit kapell frå mellomalderen er teikn på tidleg busetnad.[1] Øya var utan folk ein periode etter at fyret vart automatisert i 1960-åra. Ho var tidlegare ein populær stad for å jakte på sel.[1]

Auskerry har vore busett i 30 år av ein familie som driv med sauehald.[2] Det står tre små vindturbinar og fire solcellepanel på øya som gjev øya straum.

Fyr endre

«Hastings County» var eit 116 meter langt norsk lasteskip som gjekk på grunn nordvest for Auskerry i 1926 i tjukk skodde.[3] Fartøyet braut i to og vraket vart spreidd over store område. Maskinen hamna på stranda.

Fyret ligg nord for Stronsay Firth.[4] Det vart bygt i 1866 av ingeniørane David og Thomas Stevenson.[5].

Dyreliv endre

Auskerry har status som Special Protection Area (særskild verneområde) på grunn av viktige hekkeområde for isterne og havsvale; 4,2 % av hekkande havsvaler i Storbritannia hekkar på denne øya.[6]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Auskerry». Gazetteer for Scotland. Henta 7. mars 2010. 
  2. «Isle of Auskerry». Henta 7. mars 2010. 
  3. «Hastings County». North Isles Diving. Henta 7. mars 2010. 
  4. «SS Hastings County Ashore On Auskerry». Scran. Henta 7. mars 2010. 
  5. «Auskerry History». Northern Lighthouse Board. Henta 7. mars 2010. 
  6. «Special Protection Area description: Auskerry». JNCC. Henta 7. mars 2010.