Hornindal kommune

Tidlegare kommune i Sogn og Fjordane

Hornindal er ein tidlegare norsk kommune i Sogn og Fjordane fylke som eksisterte frå 1867 til 1964 og frå 1977 til 2020. Området hadde om lag 1200 innbyggarar. Kommunesenteret var Grodås. I Hornindal ligg den djupaste innsjøen i Europa, Hornindalsvatnet.

Hornindal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Grodås
Areal 192 km²
 - land 179 km²
 - vatn 13 km²
Målform nynorsk
Ordførar Stig Olav Lødemel (H)
Kommunenr. 1444
Kart
Hornindal
61°59′55″N 6°35′03″E / 61.998611111111°N 6.5841666666667°E / 61.998611111111; 6.5841666666667
Wikimedia Commons: Hornindal
Nettstad: www.hornindal.kommune.no

Historie endre

Frå 1837 var Hornindalen del av formannskapsdistriktet for Eid.[1] Hornindal var ein sjølvstendig kommune frå 1867 til 1964, då han vart slått saman med Stryn.

I 1965 vart kommunen delt. Størstedelen vart slått saman med Stryn kommune og ein annan del vart slått saman med Eid kommune. I 1977 vart den delen som hadde vore del av Stryn, skilt ut att som eigen kommune. Då kommunen vart gjenoppretta, var han den minste kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal, men i 1979 passerte han Solund kommune i folketal, og har sidan då vore den nest minste kommunen i fylket.

30. juni 2016 vedtok kommunestyret at det ønskte å slå seg saman med Volda kommune. Volda fatta eit tilsvarande vedtak, og det vart gjort eit endeleg vedtak av Kongen i statsråd hausten 2017. Hornindal og Volda kommune gjekk saman i nye Volda kommune frå 1. januar 2020, og Hornindal vart del av Møre og Romsdal.[2]

Kjende personar frå Hornindal kommune endre

Kjelder endre

  1. Lillestøl, Karl (1937). Hornindal herad gjenom hundrad år, 1837-1937. [s.n. 
  2. «Kommunereforma blei vedteken i Stortinget». 9. juni 2017. Arkivert frå originalen 19. april 2018. Henta 19. april 2018. 

Bakgrunnsstoff endre