Austevoll i Fana

(Omdirigert frå Austevoll i Bergen)

Austevoll er ein gard på Kalandseidet i Fana i Bergen kommune som ligg nordaust for Kalandsvatnet.

Austevoll
stad
Austevoll.
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5229 KALANDSEIDET
Gardnummer 75

Namnet kjem av plasseringa aust for Kalandsvatnet og garden Kaland.

Historie

endre

Garden låg under Lyseklostergodset, men kom i sjølveige hos brukarane frå 1875-1880. Her er framleis gardsdrift.

Geografi

endre

Garden strekkjer seg austover frå Kalandsvatnet og mellom åsane Kampen (230 moh) og Blåurskampen til Hauglandsdalen og Hauglandsvatnet. Det meste av dette er utmark og sjølve garden ligg nær hovudvegen.

Garden grensar til Kaland både i vest og i sør, til Engevik i søraust, Haugland i aust og Almeland i nord.

Kjelder

endre