Almeland er ein gard i Gimmelandsdalen i Fana i Bergen kommune. Garden ligg i åsen aust for Austevollselva og nordaust for Kalandsvatnet.

Almeland
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5229 KALANDSEIDET
Gardnummer 76
Kart
Almeland
60°17′12″N 5°26′05″E / 60.28666687°N 5.43472242°E / 60.28666687; 5.43472242
Wikimedia Commons: Almeland

Garden har fått namn etter tresorten alm. Garden har gjeve namn til vegen som fører fram til gards, Almelandsvegen.

Historie

endre

Garden låg under Lyseklostergodset, men kom i sjølveige hos brukarane frå 1876-1877. Her er framleis gardsdrift.

Geografi

endre

Garden ligg på austsida av Bontveitvegen og strekkjer seg søraustover mot Hauglandsdalen. Det meste av området er skog og utmark.

Garden grensar til Hedno i nordvest, Smådal i vest, Kaland i sørvest, Austevoll i sør, Haugland i aust og Gimmeland i nord.

Kjelder

endre