Kalandseid

(Omdirigert frå Kalandseidet)

Kalandseidet eller Kalandseid er ei tettgrend i Fana bydel i Bergen. Det er eit eid mellom Kalandsvatnet og Osvassdraget. I eldre tid gjekk grensa mellom Sunnhordland og Nordhordland her. Grensa er kalla opp etter garden Kaland, som ligg like nord for sjølve eidet.

Brev med poststempel Kalandseidet

Kommunikasjon endre

Hovudvegen (E39, Osvegen) mellom Bergen og Os går over Kalandseidet. Vestover frå eidet går det veg til Fana kyrkje. Nordaustover går det veg innover Hauglandsdalen, med samband (tursti) til Samnanger.

Nesttun-Osbanen hadde stasjon på Kalandseidet 1894-1935. Dette var siste stasjonen på bana i Fana, 24 km frå Bergen sentrum. Stasjonsbygningen vart rive i 1908 og flytta til Fana stasjon. Samstundes med jernbanelinja vart det opna butikk (landhandel) og postopneri. Postkontoret vart lagt ned i 1996 og daglegvarebutikken i 2005, men i 2006 vart det etablert både ein eksklusiv bilbutikk og kiosk/kolonial (nedlagd sommaren 2007) i dei gamle lokala til daglegvarebutikken. I nokre få år var det ein restaurant med namn El Toro Tapasbar & Restaurant i dei same lokala. Postadressa Kalandseidet omfattar eit større område enn sjølve eidet. Postnummeret er no 5229 (tidlegare 5210).

Idrettslag endre

Kalandseid idrettslag samlar alle dei idrettsinteresserte i området. Idrettslaget vart stifta i 1962 og har aktivitetar innan turn, handball, fotball, orientering og ski. Fotballgruppa er i særklasse størst og kvinnefotballen har alltid vore ein sentral del av fotballgruppa. Idrettslaget har eit moderne anlegg. Ny idrettshall vart opna i 2003 og på fotballbanen vart det lagt kunstgras i 2007. A-laget held til i 5. divisjon, men seinast i 1997 var A-laget i 3. divisjon.

Kjende personar endre

Av kjente personar busett på Kalandseid kan nemnast Kurt Oddekalv (leiar for Noregs Miljøvernforbund). Toppkusken Atle Hamre er fødd på Hamre ved Kalandsvatnet og toppkusken Gunnar Austevoll er fødd like ved sjølve Kalandseidet.

Kjelder endre

  • Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.