Austevoll i Fana
Austevoll er ein gard på Kalandseidet i Fana i Bergen kommune som ligg nordaust for Kalandsvatnet.
Austevoll | |||
stad | |||
Austevoll.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Bergen | ||
Postnummer | 5229 KALANDSEIDET | ||
Gardnummer | 75 | ||
Ferdselsårer | E39 Osvegen | ||
Namn
endreNamnet kjem av plasseringa aust for Kalandsvatnet og garden Kaland.
Historie
endreGarden låg under Lyseklostergodset, men kom i sjølveige hos brukarane frå 1875-1880. Her er framleis gardsdrift.
Geografi
endreGarden strekkjer seg austover frå Kalandsvatnet og mellom åsane Kampen (230 moh) og Blåurskampen til Hauglandsdalen og Hauglandsvatnet. Det meste av dette er utmark og sjølve garden ligg nær hovudvegen.
Garden grensar til Kaland både i vest og i sør, til Engevik i søraust, Haugland i aust og Almeland i nord.
Kjelder
endre- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.
- Bergenskart - stednavnskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.