Australopithecus

pattedyrslekt

Australopithecus (frå latin australis, ‘sørleg’ og gresk pithekos (πίθηκος), ‘ape’) er ei biologisk slekt av utdøydde hominidar som levde i pliocen og pleistocentida (frå rundt 5 millionar år til 12 tusen år sidan). Det er funne fleire fossilar etter ulike artar i denne slekta i austre, sentrale og sørlege Afrika. Australopithecus er nærskyld slekta Homo, med fleire menneskeliknande men også fleire apeliknande trekk. Det har vore spekulert i om Homo stammar frå Australopithecus, men dette er omdiskutert.

Australopithecus
Utbreiing
Utbreiinga av Australopithecus
Utbreiinga av Australopithecus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Primatar Primates
Familie: Hominidae
Underfamilie: Australopithecinae
Slekt: Australopithecus
Dart, 1925
Australopithecus-skjelettet kjend som «Lucy».

Australopithecus gjekk på to og hadde små hjørnetenner, som menneske. Dei hadde derimot store jekslar og små hjernar.

Kjelder

endre
  • «Australopithecus», Encyclopædia Britannica, 2009 

Bakgrunnsstoff

endre