Austroasiatiske språk

Austroasiatiske språk er ein språkfamilie i Søraust-Asia og det nordaustlege India. Namnet kjem frå greske ordrøter og tyder Sør-Asia. Dei austroasiatiske språka blir ikkje snakka i ein samanhengande region, fordi han vert splitta opp av andre språk og språkfamiliar. Sannsynlegvis høyrer talarane av austroasiatiske språk til ein veldig gammal folkesetnad i Sør- og Søraust-Asia, og talarane av dei andre språka har kome til regionen seinare. Blant desse er talarar av indoeuropeiske språk, tai-kadai-språk og sinotibetanske språk.

Austroasiatiske språk
Klassifisering: austroasiatisk
Vidare inndeling:
Område: Sør- og Søraust-Asia
Kart over dei austroasiatiske språka

Inndeling av dei austroasiatiske språka

endre
 
Ilja Peiros si kontroversielle inndeling av dei austro-asiatiske språka

Det er fleire framlegg til inndeling av dei austroasiatiske språka. Eitt kjem frå Ilja Peiros, som går inn for ei tredeling, i nikobaresisk, munda og mon-khmer. Eit anna kjem frå Gérard Diffloth (2005), som også held munda for seg, men som skil ut ei eiga nordleg mon-khmer-gruppe, og lèt nikobaresisk vere ein del av mon-khmer. Ethnologue følgjer Diffloth. Peiros si inndeling er basert på den leksikostatistiske metoden (graden av språkslektskap er proporsjonal med graden av slektskapsord i dei moderne orda), dette er ein kontroversiell metode. Paul Sidwell (2009) viser at den leksikostatistiske metoden faktisk gjev større skilnader internt i kvar potensielle undergruppe enn undergruppene i mellom. Basert på den historisk-komparative metoden viser han at det ikkje er grunnlag for å gruppere nokre av dei tretten ukontroversielle grupene saman, og han går derfor inn for ein flat kam-lik struktur. I seinare arbeid går han nærare inn på delar av familien og argumenterer for at khasispråka og dei palaungiske språka har eit felles urspråk.

Bakgrunnsstoff

endre

Litteratur

endre