For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Khmer (fleirtyding).

Khmer er eit austroasiatisk språk tala av khmerfolk, den største folkegruppa i Kambodsja. Det er offisielt språk i landet, og blir også tala i naboområde i Thailand og i Vietnam.

Khmer
ភាសាខ្មែរ
Klassifisering Austroasiatisk
 Mon-khmer-språk
  Austleg
   Khmer
Bruk
Tala i  Kambodsja
 Thailand
 Vietnam
Khmertalande i alt 13 400 000 (2004)[1][2]
Skriftsystem Khmer-skrift
Språkkodar
ISO 639-1 km
ISO 639-2 khm
ISO 639-3 khm – sentralt khmer
kxm – nordleg khmer
Wikipedia på khmer
Khmer-skrift utanfor den kambodsjanske ambassaden i Berlin.

Khmer er eit av dei større austronesiske språka. Det har blitt påverka av mellom anna sanskrit og pali, særleg i kongelege og religiøse kontekstar, gjennom hinduismen og buddhismen. Språket blir skrive med khmer-alfabetet som stammar frå brahmiskrift.

Khmer dannar ein språkbunt med dei kringliggjande språka thai, laotisk, vietnamesisk og cham. Det skil seg likevel frå desse språka ved at det ikkje er eit tonespråk.

Språket har tre hovuddialektar som alle er gjensidig forståelege: phnom penh (rekna som standard), nordleg khmer (snakka av etniske khmerar i nordaustre Thailand), og Krâvanh-khmer, ein arkaisk dialekt tala i Krâvanhfjella.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Sentralt khmer ved Ethnologue
  2. Nordleg khmer ved Ethnologue

Bakgrunnsstoff endre