Linda Spa, òg kalla Mag. Gerlinde Spazierer (fødd 4. september 1968), er ein austerriksk komponist og saksofonist frå Wien.

Linda Spa

Linda Spa med Tangerine Dream i 2014.
Fødd4. september 1968 (55 år)
OpphavAusterrike
Instrumentsaksofon
Verka somkomponist

Opphavleg studerte ho motedesign i Wien, men vart raskt interessert i musikk. Ho lærte seg å spele fløyte, klarinett, saksofon og komposisjon. I tillegg er Linda Spa dirigent og arrangør.

Spa spelte i mange år i lag med Edgar Froese i det tyske bandet Tangerine Dream som saksofonist, klaverspelar og dirigent.[1] Ho skreiv òg musikk for dette bandet og turnerte stundom med dei i Europa og andre delar av verda fram til 2015.

Linda Spa har blitt nominert til Grammyprisen fem gonger som medlem av Tangerine Dream i 1990-åra.

I 2011 framførte ho songen «Sally's Garden» i lag med Queen-gitaristen Brian May på scenen.

Diskograf endre

med Tangerine Dream endre

Større album

Kjelder endre

  1. Stump, Paul (1997). Digital Gothic: A Critical Discography of Tangerine Dream. SAF Publishing Ltd. s. 148–. ISBN 9780946719181. Henta 7. mars 2016. 

Bakgrunnsstoff endre