Avinor AS vart skipa 1. januar 2003 som eit aksjeselskap eigd fullt ut av den norske staten under Samferdsledepartementet. Avinor har som oppgåve å eige og drive lufthamner i Noreg. Selskapet har òg ansvaret for tryggings- og navigasjonsinstallasjonar av ulike slag, som radarar, radiofyr, fjernstyrte basestasjonar for flyradiosambandet, og kontrollsentralar.

Avinor


Avinors radar på toppen av Haukåsen i Oslo Sjå dette på Wikidata
Org.formAksjeselskap
Org.nr.985198292
Skipa1. januar 2003
Forgjengar(ar)Luftfartsverket
EigarSamferdsledepartementet
DotterselskapOslo Lufthamn
Eigenandel iBergen lufthamn, Trondheim lufthamn, Værnes, Stavanger lufthamn, Sogndal lufthamn
HovudkontorOslo
LandNoreg
StyreleiarAnne Carine Tanum
Adm.dir.Abraham Foss
Nettstadhttps://avinor.no (norsk), https://avinor.no/en (engelsk)
Avinor sin radar på toppen av Haukåsen i Østmarka i Oslo. Han kontrollerer flytrafikken til og frå Oslo LufthamnGardermoenRomerike.

Avinor AS har teke over oppgåver som tidlegare låg under det statlege Luftfartsverket. I samband med at Avinor AS tok over drifta av lufthamnene og det som høyrer med dette, vart Luftfartstilsynet skipa for å take seg av alle tilsyns- og forvaltingsfunksjonane i som låg til det gamle Luftfartsverket.

Avinor AS er den største lufthamneigaren i landet, og har ansvaret for drifta av 43 av dei, inklusive 12 som ligg under Forsvaret. Inntektene kjem frå den kommersielle verksemda på flyplassane, og frå luftfartavgifter som flyselskapa må betale for å nytte lufthamnene eller òg for å fly i det luftrommet som Noreg har kontrollen over.[1] Dei få lufthamnene i Noreg som går med overskot, subsidierer dei fleste andre lufthamnene som Avinor AS eig, av di dei går med større eller mindre underskot. Lufttrafikktenesta vert drive til sjølvkost, men kostnadene ved tryggleiksarbeidet vert dekt ved å krevje inn avgifter.

Torp Sandefjord lufthamn er ei av få norske lufthamner som ikkje er drivne av Avinor.[2]

Kjelder endre

  1. «Konsernet - Avinor», avinor.no (på norsk), henta 18. september 2022 
  2. «Om TORP Sandefjord lufthavn», TORP (på norsk), 18. februar 2015, henta 18. september 2022