Avlat

(Omdirigert frå Avlatsbrev)

Avlat er eit katolsk omgrep om ettergjeving av straff for synder. Bakgrunnen er at katolsk lære meiner at synd fører til skuld, som må skriftast, og straff som må avtenast. Denne straffa kan ein gå gjennom på tre måtar: Ved å gjera bot, ved å gjera handlingar som gjev avlat, eller i skjærselden.

Etter katolsk lære blir syndene tilgjevne, men straffa står framleis att. Presten som tek imot skriftemålet vil oppgje ei bot ein skal utføra, men denne er ikkje alltid tilstrekkeleg. For å gjera opp for seg i dette livet kan syndaren då utføra avlsatshandlingar. Den mest kjende av desse er å utføra ei pilegrimsreise til Roma under eit heilag år og gå gjennom ein av dei heilage portane. Men det er også knytt avlat til til dømes det å be visse bøner tilknytte messa.

Kriteria for å få avlat er at all synd er skrifta og tilgjeve, at ein har eit oppriktig ønske om ikkje å synda meir, og at ein utfører ei av dei fastsetta handlingane. Det er den apostoliske skriftemålsdomstolen som administrerer oversikta over kva handlingar som gjev avlat.

Bakgrunn for reformasjonen endre

I seinmellomalderen tok prestar til å selja såkalla avlatsbrev, dokument som gav avlat mot at ein donerte eigedom til kyrkja. Inntekter frå desse blei mellom anna brukte til å betala for bygginga av den nye Peterskyrkja i Roma. Denne avlatshandelen var noko av det reformatoren Martin Luther reagerte først på i den katolske kyrkja.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Avlat (PDF) ved bergen.katolsk.no