Avonelva i Canterbury
Avonelva i Canterburyrenn gjennom sentrum av byen Christchurch på New Zealand, og ut i eit estuar som ho deler med Heathcote-elva, Avon Heathcote-estuaret.
Avon River Ōtakaro (maori) | |||
elv | |||
Båthus ved Avon River
| |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Renn gjennom | Christchurch | ||
Lengd | 14 km | ||
Kjelde | Avonhead | ||
Munning | Pegasus Bay via Avon Heathcote-estuaret | ||
• høgd | 0 moh. | ||
Avonelva i Canterbury 43°31′19″S 172°33′24″E / 43.521825°S 172.55657222222°E | |||
Wikimedia Commons: Avon River / Ōtākaro |
Geologi
endreGeologisk er denne elva, som dei fleste av elvene på Sørøya, svært ung. Avon (i sitt noverande elveløp) kan daterast frå den siste istida på New Zealand.
Elveløp
endreAvon følgjer eit svingete løp gjennom Christchurch frå utløpet sitt i den ytre vestlege forstaden Avonhead, gjennom Ilam, Riccarton og Fendalton, deretter gjennom Hagley Park og det sentrale forretningsstrøket i Christchurch (CBD).
Aust for CBD renn elva gjennom Avonside, Dallington, Avondale og Aranui, og ho renn til slutt ut i Stillehavet gjennom Avon Heathcote-estuaret (maori Te Wahapū)[1] nær Sumner.
Namngjeving
endreAvonelva var kjend blant maorifolket som Ōtākaro[2] eller Putare Kamutu.[3] Organisasjonen Canterbury Association hadde tenkt å kalla henne Shakespere [sic].[4] Elva fekk sitt noverande namn av John Deans i 1848 etter elva Avon i Skottland. Familien Deans reiste sin bustad nær Avonelva, der forstaden Riccarton no ligg.
Namnet vart offisielt endra til Avon River/Ōtakaro i samsvar med lova Ngai Tahu Claims Settlement Act 1998, ei av mange slike endringar etter overeinskomsten med iwien Ngāi Tahu[5].
Punting
endreKommersiell punting (båtturar i flatbotna prammar som vert staka fram) som turistattraksjon er tilgjengeleg på Avonelva i sentrum av byen, i Hagley Park og i Mona Vale, ein park i Fendalton[6].
Jordskjelv
endreMykje av landområda langs Avonelva nedstraums frå dei sentrale bydelane vart øydelagt i september 2010, i februar 2011 og i juni 2011, og er klassifisert som raud sone av Canterbury Earthquake Recovery Authority. Lokale interesser i byen driv lobbyverksemd for å få dei raude sonene gjort om til parkområde som bind dei sentrale bydelane saman med elvemunningen[7]. Kampanjen vert leia av ei gruppe kalla Avon-Otakaro Network (AvON), og som har fått støtte frå borgarmeisteren Bob Parker.[8]
Sjå òg
endreReferansar
endre- ↑ Estuary, Christchurch City Libraries, New Zealand
- ↑ Ōtākaro, Christchurch City Libraries, New Zealand.
- ↑ Rev. John Dickson, History of the Presbyterian Church of New Zealand, Archive.org. ("Its native designation when they came and established themselves on its banks was Putare Kamutu. This they altered to Avon...")
- ↑ Early name for Avon, Te Ara, New Zealand
- ↑ «Schedule 96 Alteration of place names». New Zealand Legislation. Henta 30. januar 2012.
- ↑ Avon River Punting, New Zealand.
- ↑ «Support for Avon River reserve plan». The Press. 10 November 2011. Henta 30. januar 2012.
- ↑ Mathewson, Nicole (1. desember 2011). «Mayor backs Avon River Park Campaign». The Press. s. A7.
- Denne artikkelen bygger på «Avon River (Canterbury)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. januar 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Avon River Masterplan, Christchurch City Council