Canterbury Association

Canterbury Association vart danna for å grunnleggja ein koloni I det som no er regionen CanterburySørøyaNew Zealand.

Plakett til minne om det første møtet i Canterbury Association, utanfor 22 Whitehall i London.

Grunnlegginga av samanslutninga endre

Samanslutninga vart grunnlagd i London den 27. mars 1848, og innlemma i eit kongebrev (Royal Charter) den 13. november 1849. Dei fremste pådrivarane var Edward Gibbon Wakefield og John Robert Godley. Wakefield var alt sterkt involvert i New Zealand Company, som på den tida alt hadde grunnlagt fire andre koloniar på New Zealand. Han vende seg til Godley for å hjelpa han å etablera ein koloni med støtte av den engelske kyrkja (Church of England). President i samanslutninga sin driftskomité var Erkebiskopen av Canterbury, og komiteen omfatta fleire andre biskopar og geistlege, så vel som medlemmer av adelen og parlamentsmedlemmer.[1] På det første møtet sitt avgjorde samanslutninga namn på kolonien og hovudsetet. Kolonien skulle kallast Canterbury, truleg etter erkebiskopen av Canterbury, og hovudsetet i kolonien Christchurch etter Oxford college, der Godley hadde studert.

Grunnlegginga av kolonien endre

Canterbury Association hadde avtalt å kjøpa land frå New Zealand Company for 10 shillings per acre (4000 m²). Dette landet vart så seld til immigrantar for £3 per acre. Resten, £2 10s, skulle brukast til «offentlege tiltak, slike som emigrasjon, skular, kyrkjer, vegar og skulelegat.» (20 shillings = £1). Avsetjinga av midlar til 'emigrasjon' var for at samanslutninga skulle ha høve til å tilby reisestønad til medlemmer av arbeidarklassen med ønskjelege kvalifikasjonar for den nye kolonien. Ein plakat] som averterte desse støtta reisene, nemner særskilt «gartnarar, sauegjetarar, gardsarbeidarar, andre arbeidarar og landbruksmekanikarar». [2] Vitneprov på det religiøse grunnlaget til kolonien kan ein sjå i den same plakaten der det krevst at presten i bygda bør gå god for søkjarar, og at somme av inntektene for sal av land var spesielt øyremerkte til kyrkjelege legat.

Godley og familien hans drog til New Zealand i byrjinga av 1850 for å overvaka førebuingane av busetnaden (kartlegging, vegar, overnatting, etc.) som alt var sette i gang av eit stort mannskap under leiing av kaptein Joseph Thomas. Desse førebuingane var grundige, men ufullstendige då dei første skipa med busetjarar kom den 16. desember 1850, etter å ha vore haldne attende av Godley kort tid etter at han kom fram i april, på grunn av aukande gjeld til Canterbury Association. «Charlotte-Jane» og «Randolph» nådde Lyttelton Harbour den 16., «Sir George Seymour» den 17., og «Cressy» den 27., etter å ha segla frå England i september 1850. Nybyggjarane på desse fire første skipa, vart kalla Canterbury Pilgrims av den britiske pressa. Gjennom dei følgjande to og eit halvt åra kom nye 24 skipslaster med innvandrarar i regi av Canterbury Association, til saman nesten 3 500 menneske.[1]

Verksemda til Canterbury Association vart avslutta i 1853.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre