Avstalinisering er nemninga som har vore bruka for den endringsprosessen som skjedde i det sovjetiske samfunnet i åra etter diktatoren Josef Stalin døydde i 1953.

Straks Stalin var daud, blei det gitt amnesti til mange politiske fangar, straffelova blei handheva på ein mildare måte og matvareprisane sette ned.

I samband med den 20. partikongressen til Det sovjetiske kommunistpartiet i 1956 tok så førstesekretær Nikita Khrusjtsjov eit kraftig oppgjer i ein historisk tale: Stalin hadde skaffa seg eineveldig makt og heva seg over partiet og lovene, fremja ei grotesk persondyrking, drive ein terrorkampanje som ramma mange uskuldige og ærlege kommunistar gjennom dei falske «Moskvaprosessane», drive kollektiv avstraffing gjennom å tvangsflytte heile folkeslag.

Khrustsjov avgrensar seg likevel til ein kritikk av personen Stalin, han prøver ikkje å analysere dei samfunnsmessige årsakene til stalinismen. Det ville nok ha trødd for mange i parti- og statsbyråkratiet for nær, og ville vore som å innrømme at Stalins rival frå 1920-åra, Lev Trotskij, hadde hatt rett. Khrusjtsjov sjølv hadde jo vore stalinist i si tid.

Talen var ikkje offentleg, men innhaldet blei likevel raskt kjent, både i Sovjetunionen og i utlandet.

I dei sovjetdominerte landa i Aust-Europa førte oppgjeret i Moskva til at mange fekk von om betre og friare tilhøve, og det braut ut folkelege oppreistar i Polen og Ungarn. I Polen fekk kommunistpartiet ny leiing, med den moderate Gomulka i brodden, og ting roa seg. I Ungarn fekk partiet au ny leiar, men Imre Nagy greidde ikkje å kontrollere situasjonen, det blei kravd utmelding av Warszawapakta, og det enda i harde kampar mellom ungarske patriotar og sovjetiske soldatar og mykje blodspille. Den sovjetinnsette Janos Kadar viste seg likevel på litt sikt å vere ein svært moderat kommunist, som skapte den avslappa «gulasj-kommunismen».

Uroa i Aust-Europa førte til eit forsøk frå meir stalinistiske krefter på å avsetje Khrustsjov, men det lykkast ikkje. Avstaliniseringa heldt fram, med fleire omfattande amnesti for politiske fangar, reduksjon av dei enorme sosiale skilnadene frå Stalin-tida, sosiale tiltak som betre pensjonar og meir bustadbygging og sist men ikkje minst avskaffing av dei brutale arbeidslivslovene.

På den 22. partikongressen i 1961 kom Khrusjtsjov med klar fordømming av Stalin i ein open tale. No blei liket av diktatoren fjerna frå Lenin si side i mausoleet på Den Raude Plassen, statuar av han fjerna i heile Austblokka, byar og gater omdøypte.

Khrusjtsjov blei nedstemt og måtte gå frå makta som førstesekretær og statsminister i 1964. Men på dei vel ti åra sidan Stalin døydde, hadde mykje endra seg. Frykta prega ikkje lenger samfunnet, og levestandarden for vanlege folk var monaleg betra.

Berre i Kina og Albania blei Stalin framleis dyrka som ein helt.