Awanui
Awanui er ein elve- og hamneby som ligg sju km nord for byen Kaitaia i regionen Northland på New Zealand. Han ligg sør for halvøya Aupouri Peninsula i Far North District. Elva Awanui River renn nordover til Rangaunu Bay. Fram til 1920-åra vart kauritømmer og -harpiks frå Kaitaia transportert til kysten gjennom Awanui.[3]
Awanui | |||
by | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Northland | ||
Folketal | 405 (6. mars 2018)[1] | ||
Awanui 35°02′52″S 173°15′22″E / 35.047777777778°S 173.25611111111°E | |||
Wikimedia Commons: Awanui |
Riksvegane State Highway 1 og 10 kryssar kvarandre i Awanui.
Byen vert rekna som innfallsport til dei populære utfartsstandane Ninety Mile Beach og Cape Reinga. Ein av dei største turistattraksjonane i Awanui er Ancient Kauri Kingdom, eit museum og kunsthandverkssenter med vektlegging på førekomst og bruk av kauri.
Innbyggjartalet var 351 i folketeljinga i 2006, ein nedgang på 18 frå 2001.[4]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8318.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981.
- ↑ Story: Northland places, Te Ara Encyclopedia of New Zealand
- ↑ Final counts – census night and census usually resident populations, and occupied dwellings - Far North District Arkivert 2008-06-29 ved Wayback Machine. Statistics New Zealand Arkivert 2008-02-13 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
endre- Awanui Shopping Arkivert 2011-07-18 ved Wayback Machine.