Opna hovudmenyen

Mohammad Ayub Khan, som regel berre kalla Ayub Khan (14. mai 190719. april 1974), var ein pakistansk offiser og president i Pakistan frå 1958 til 1969.

Ayub Khan
Muhammed Ayub Khan.JPG
President av Pakistan
Regjeringstid27. oktober 1958-25. mars 1969
Fødenamnایوب خان
PartiPakistan Muslim League
Fødd14. mai 1907
FødestadHaripur, Pakistan
Død19. april 1974
DødsstadRawalpindi
BarnGohar Ayub Khan
FøregangarIskander Mirza
EtterfølgjarYahya Khan

Ayub Khan vart fødd i Haripur i Khyber Pakhtunkhwa. Han var pashtun, og far hans var risaldar-major ved eit kavaleriregement i den britisk-indiske hæren. Sjølv var Ayub Khan elev ved Sandhurst i England, og blei offiser i 14th Punjab Rifles.

General Ayub Khan blei den første innfødde hærsjefen i Pakistan då han etterfølgde briten Douglas Gracey i stillinga i januar 1951.

Han blanda seg inn i pakistansk politikk, og kunne leggja ned veto mot politiske avgjerder om dei påverka interessen til hæren. I 1958 bestemte han og ei gruppe medhjelparar seg for å avsetja dei sivile politikarene og gje landet «stabilitet» gjennom eit militærkupp.

Under styret til Ayub Khan blei det gjennomført ein stor jordreform. Pakistan fekk ein ny grunnlov som tredde i kraft i 1962, men makta blei verande hjå Ayub Khan. Utanrikespolitisk søkte Ayub Khan støtte hjå USA, som fekk oppretta militære basar i Pakistan. Krigen mellom Pakistan oog India i 1965 undergrov stillinga til Ayub Khan (sjølv om han utnemnde seg sjølv til feltmarskalk), og i 1968 overgav han makta til hærsjefen Yahya Khan.

Ayub Khan døydde i Islamabad i 1974.

KjelderEndra