Azerbaijan Tower
Azerbaijan Tower er ein tenkt skyskrapar som var planlagd bygd på Khazar Islands, 23 km sørvest for Baku i Aserbajdsjan.[1]
Azerbaijan Tower | |||
Offisielt namn | Azerbaijan Tower | ||
---|---|---|---|
Adresse | 40°14′29″N 49°38′03″E / 40.24134°N 49.634242°E | ||
Stad | Khazar Islands i Aserbajdsjan | ||
Arkitekt | Avesta Concern | ||
Påbegynt | 2015 | ||
Opna | est. 2019 | ||
Høgd | 1050 m | ||
Etasjar | 189 | ||
Pris | $2 mrd. | ||
Stil | neofuturisme | ||
Azerbaijan Tower 40°14′29″N 49°38′03″E / 40.24134°N 49.634242°E |
Oversyn
endreDirektør i Avesta Group of Companies, Ibrahim Ibrahimov har sagt at bygget skal verte kring 1050 meter høgt fordelt over 189 etasjar.[2] Når det står ferdig vil det verte den klårt høgaste bygningen i verda føre Burj Khalifa i Dubai og Kingdom Tower som fortida er under planlegging i Jeddah i Saudi Arabia.
Skyskraparen som er venta å koste $2 milliardar vil vere midtpunktet på Khazar Islands, ein ny by som er under bygging over 41 kunstige øyar i Kaspihavet til ein pris på kring $100 milliardar. Byen er planlagd å kunne romme 1 millionar innbyggjarar.
Etter at bygginga av Khazar Islands byrja, var bygginga av sjølve Azerbaijan Tower sett til starten av 2015 og venta å vere ferdig kring 2019.[2] Khazar Islands var venta å vere fullført mellom 2020 og 2025.[3] Etter at prosjektet fekk økonomiske problem er arbeidet stoppa.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Azerbaijan Tower» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Azerbaijan to build world’s tallest skyscraper». Azernews. 30. jan. 2012.
- ↑ 2,0 2,1 Medina, Samuel (February 9, 2012). «Azerbaijan To Build One Kilometer-Tall Skyscraper». Architizer.
- ↑ Khawaja, Moign (April 15, 2012). «Azerbaijan Tower to challenge Burj Khalifa’s glory». Arabian Gazette. Arkivert frå originalen 23. mars 2013. Henta 19. juni 2012.