Khazar Islands
40°14′21″N 49°38′07″E / 40.23917°N 49.63528°E
Khazar Islands | |||
Land | Aserbajdsjan | ||
---|---|---|---|
Del av | Bakuøyane | ||
Khazar Islands 40°14′29″N 49°38′03″E / 40.24134°N 49.634242°E |
Khazar Islands, også kjend som Caspian Islands,[1] er eit ufullført byggeprosjekt i Aserbajdsjan, kring 23 km sørvest for sentrum av hovudstaden Baku.
Prosjektet går ut på å byggje ein ny by på 41 menneskeskapte øyar i Kaspihavet.[2][3][4]
Bygginga starta i 2011 og var venta å stå ferdig i 2020-2025. Byen skulle då kunne romme ein million menneske og omfatte det som ville bli den høgaste skyskraparen i verda, med det foreløpige namnet «Azerbaijan Tower». Khazar Islands ligg kring 23 km sørvest for sentrum av Baku. Den nye byen skulle strekkje seg langs to rekkjer av øyar og bygningar, 7 km utover i havet. Øyane ville dekkje kring 2000 hektar. Kring 60 hengebruer skulle gå mellom øyane, som i tillegg til bustader skulle bestå av 150 skular, 50 sjukehus, mange parkar, kjøpesenter, kultursenter, stadion, veddeløpsbane, ein Formel 1-bane og ein internasjonal flyplass, i tillegg til Azerbaijan Tower.[5]. Byen vil verte bygd for å stå imot kraftig jordskjelv, som stundom råkar dette området.
Avesta var entreprenør for prosjektet, som var venta å koste kring 100 milliardar dollar. Direktøren for selskapet, Ibrahim Ibrahimov, skal ha fått ideen til prosjektet då han flaug mellom Baku og Dubai.[6][7][8]
Då oljeprisen gjekk ned i 2015 fekk prosjektet problem. I mai 2015 blei Ibrahimov arrestert etter at selskapet ikkje kunne betala gjelda si til International Bank of Azerbaijan, ei gjeld som då var rekna til å vera på rudnt 57 millionar dollar.[9] Ibrahimov blei sett fri, og selskapet heldt føre at prosjektet framleis ville bli ferdig mellom 2020 og 2025 med kinesiske investeringar.[9] I ei intervju i april 2017 insisterte Ibrahimov på at det forseinka arbeidet kom til å byrja att seinare det året.[10] I oktober 2017 blei det rapportert at Ibrahimov hadde byrja å arbeida med Avesta att og at han ikkje kom til å forlata Aserbajdsjan, men det blei sådd tvil om arbeidet med Khazar Islands kom til å halda fram.[11]
Kjelder
endre- ↑ Evgrashina, Lada; Antidze, Margarita (11. april 2012). «Azerbaijan aims to put up world's tallest building». Reuters. Arkivert frå originalen 11. oktober 2014. Henta 28. juni 2020.
- ↑ azer news[daud lenkje]
- ↑ Alexander, Anila (April 13, 2012). «Azerbaijan Plans World's Tallest Tower At 'New Venice' (PHOTOS)». International Business Times.
- ↑ Valiyev, Anar (1. april 2013). «Baku». Cities (på engelsk) 31: 625–640. ISSN 0264-2751. doi:10.1016/j.cities.2012.11.004.
- ↑ Azerbaijan News, arkivert frå originalen 8. mars 2012, henta 19. juni 2012
- ↑ New York Times article on Ibrahimov's vision for the islands
- ↑ ViaTechnik report on the islands
- ↑ «Haji Ibrahim Nehramli - Dream Big, Dream Tall.». Arkivert frå originalen 6. mars 2014. Henta 1. februar 2018.
- ↑ 9,0 9,1 Milli.az report on Avesta and the Khazar Islands
- ↑ Reports of April 2017 interviw with Ibrahimov
- ↑ Xural Report October 2017
- Denne artikkelen bygger på «Khazar Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juni 2020.