Bård Frydenlund
Bård Frydenlund (fødd 11. juli 1972) er direktør ved Eidsvoll 1814. Han har tidlegare vore direktør ved Næs Jernverksmuseum.[1]
Bård Frydenlund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. juli 1972 (52 år) Ringerike kommune |
Yrke | historikar |
Han er historikar og har bakgrunn som forskar og førelesar ved IAKH, Universitetet i Oslo. Spesialområdet hass er Noreg i 1814, Norden på 1700-talet og handelselitar i Nord-Europa.
Han har vore leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo (1998) og rådgjevar for tidlegare rektor Kaare R. Norum ved Universitetet i Oslo (2000-2001). Han har arbeidd i Kunnskapsdepartementet (2004), vore redaksjonssekretær i Historisk Tidsskrift (2005-2009), og sete i styret for Universitetet i Oslo (2010-2012).
Forfattarskap
endre- 2008: Christianias handelspatrisiat. En elite i 1700-tallets Norge. Redigert av John Peter Collett og Bård Frydenlund
- 2009: 1807 og Danmark-Norge. På vei mot atskillelsen. Redigert av Bård Frydenlund & Rasmus Glenthøj
- 2009: Stormannen Peder Anker. En biografi.
- 2013: Veivalg for Norden 1809-1813. Redigert av Bård Frydenlund og Odd Arvid Storsveen
- 2014: Fangen på Bogstad. Sammen med Madeleine von Essen og Else Espeland
- 2014: Spillet om Norge. Det politiske året 1814.
Kjelder
endre- ↑ Ny leder ved Eidsvoll 1814; Romerikes Blad, 14.5.2016
- Denne artikkelen bygger på «Bård Frydenlund» frå Wikipedia på bokmål, den 15. februar 2019.
Bakgrunnsstoff
endre- Bård Frydenlunds publikasjonsliste[daud lenkje] på BIBSYS
- Bård Frydenlunds forfattarside på Gyldendal
- Bård Frydenlunds forfattarside Arkivert 2014-04-15 ved Wayback Machine. på Aschehoug