Båtsfjord

tettstad i Båtsfjord i Finnmark
Båtsfjord
tettstad
Båtsfjord

Foto: Inge Wahl

Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Båtsfjord
Areal 1,44 km²
Folketal 2 105  (2023)
Folketettleik 1 462 / km²
Postnummer 9990 Båtsfjord
Innbyggjarnamn båtsfjording
Preposisjon i Båtsfjord
Kart
Båtsfjord
70°38′4″ N 29°43′6″ E
Wikimedia Commons: Båtsfjord (village)

Båtsfjord er ein tettstad og administrasjonssenteret i Båtsfjord kommune, nordaust i Finnmark fylke, mindre enn éin breiddegrad frå Knivskjellodden, den nordlegaste staden i Finnmark. Tettstaden ligg på Varangerhalvøya, ved botnen av Båtsfjorden, og har 2 105 innbyggjarar per 1. januar 2023. Det meste av busetnaden i kommunen er konsentrert til tettstaden.[1] Her står Båtsfjord kyrkje.

Hovudnæringar i Båtsfjord er fiske og fiskeindustri. Båtsfjord er saman med Hammerfest dei største norske fiskeværa når det gjeld ilandført kvantum. Kaia har 7 000 skipsanløp årleg. Her finst sju fiskeforedlingsbedrifter, mellom anna filetfabrikkar med fryseri, og rekefabrikkar. Ingen andre stader produserer like mykje lodderogn og konsumlodde som Båtsfjord. Også havbruk har vorte ei viktig næring. Elles er her fleire mindre verkstader for fiskeflåten. Det har vore tre kvalfangststasjonar i Båtsfjord, der den første vart bygd i 1884 av skipsreiar O.B. Sørensen frå Sandefjord.

Båtsfjord har hurtigruteanløp og flyplass, Båtsfjord lufthamn. Flyplassen vart bygd ferdig i 1999 og har daglege ruteflyavgangar betent av Widerøe. Ishavsvegen, riksveg 891 over Båtsfjordfjellet (400 meter over havet), gir tettstaden vegsamband heile året.

Tettstaden Båtsfjord fekk berre mindre skadar under andre verdskrigen, og fungerte som forsyningsbase for det frigjorde Finnmark etter at tyskarane trekte seg tilbake.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Båtsfjord». Store norske leksikon. 7. april 2016. Henta 1. mars 2017.