Båtsfjord lufthamn
Båtsfjord lufthamn er ei sivil, regional lufthamn i Båtsfjord kommune i Finnmark.
Båtsfjord lufthamn | |||
| |||
IATA | BJF | ||
---|---|---|---|
ICAO | ENBS | ||
Flyplasstype | Sivil | ||
Eigar | Avinor | ||
Operatør | Avinor | ||
Tener | Båtsfjord kommune | ||
Stad | Båtsfjord kommune, Finnmark | ||
Opna | 1999 | ||
Høgd | 490 fot | ||
Koordinatar | 70°36′3.096″N 29°41′40.452″E, 70°36′1″N 29°41′33″E | ||
Nettstad | https://avinor.no/flyplass/batsfjord/ |
Lufthamna ligg om lag 6,5 kilometer sørvest for Båtsfjord og er eigd og driven av Avinor AS. Widerøe tener Båtsfjord lufthamn med to daglege avgangar til Vadsø og Kirkenes, i tillegg til to daglege avgangar til Hammerfest og Tromsø. Det er også ein dagleg avgang til Berlevåg, Mehamn og Honningsvåg. Frå Kirkenes og Tromsø er det korresponderande samband med SAS.
Båtsfjord lufthamn vart bygd ferdig i 1999 med terminalbygg og ein rullebane på 1000 meter. Tidlegare hadde Båtsfjord berre ein flyplass med grusdekke i Båtsfjorddalen. Twin Otter-fly var brukt her heilt fram til den nye flyplassen vart opna, og Widerøe kunne begynne å betene Båtsfjord med Dash 8-fly.
Flyselskap og destinasjonar
endreInnland
endreFlyselskap | Destinasjonar | |
---|---|---|
Noreg | Widerøe[1] | Berlevåg, Hammerfest, Honningsvåg, Kirkenes, Mehamn, Tromsø, Vadsø, Vardø |
Kjelder
endre«Båtsfjord lufthavn, Båtsfjord» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Båtsfjord lufthavn» frå Wikipedia på bokmål, den 21. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: