Bølgjeteorien for språkendringar blei føreslegen av Johannes Schmidt (1843-1901), i verket Verwandtschaftsverhältnisse der indogermanischen Sprachen frå 1872. Teorien går ut på at språklege innovasjonar spreier seg som bølgjer, ut i alle retningar frå eit sentrum, som vist på figuren til høgre.

Diagram frå Johannes Schmidt, 1872. Die Verwandtschaftsverhältnisse der indogermanischen Sprachen. Weimar: H. Böhlau.

Jamføring med stamtreteorien endre

Teorien blei presentert som eit alternativ til stamtreteorien til August Schleicher (1821-1868). Dei nordgermanske (eller nordiske språka) gjev eit godt døme på problema med stamtreteorien. Tradisjonelt har dei nordgermanske språka vore delte i ei vestnordisk og ei austnordisk grein:

Denne inndelinga kan underbyggjast ved ein gamal felles innovasjon i austnordisk, nemleg denne lydendringa:

  • Urnordisk > austnordisk (i visse hokjønnssubstantiv)

Vestnordisk manglar innovasjonen, jamfør islandsk/ færøysk brú 'bru' og norsk (nynorsk) bru, mot svensk/dansk/norsk (bokmål) bro. Men seinare har det skjedd mange innovasjonar som er felles for norsk (nynorsk), svensk og dansk, norsk (bokmål), til dømes samanfallet i talemålet mellom konjunksjonen og og subjunksjonen å. På dette grunnlaget kan ein setje opp eit alternativt stamtre for nordisk:

Sidan ein kan setje opp to ulike og inkompatible stamtre for nordgermansk, har vi eigentleg vist at stamtreteorien ikkje held i dette tilfellet, og at bølgjeteorien gjev ei betre framstilling av tilhøva. Dei to innovasjonane som er nemnde ovanfor, overlappar kvarandre i norsk (nynorsk).