Åk
Åk er ein bere- eller dragereiskap for menneske eller dyr.
Åk for menneske kan òg kallast børetre, herdatre eller vassele. Det er laga av eit trestykke som blir lagt over skuldrene, bak nakken, eller over eine skuldra. På kvar side heng ein ei bør, til dømes ei vassbøtte. Eit åk har ofte tau med krokar i enden på kvar side for å gjera det lettare å hekta på bører. Den delen som tynger beraren kan vera skoren til for å gjera beringa lettare.
Åk for dyr er ei treramme som særleg blir brukt til trekkoksar. Det finst ulike utformingar som kan festast til nakke, hovud eller framom mankehøgda
Ordsoge
endreSymbolsk bruk
endreI romarriket var «åket» ei galgeforma oppstilling av tre spyd som ein overvunnen fiende måtte gå under, som eit teikn på underkasting. Det latinske ordet for «åk» i denne tydinga er ingum.
I overført tyding kan åk visa til trældom, til dømes under ei framand makt eller ein samfunnsklasse, eller til særs tungt arbeid.
Galleri
endre-
Ungjente på den nederlandske øya Marken med bøtter i åk, mellom en 1890 og 1900.
-
Mann i Nordaust-India ber eigedelar over ei skulder på eit åk. Ca. 1920.
-
Mann på Bali ber steinar i eit åk. Før 1940.
-
Kvinner i Nanjing i Kina ber korger til marknaden i åk.