Ba Dedekam

norsk kunstnar, bilethuggar og grafikar

Cecilie «Ba» Dedekam (fødd Valborg Cecilie Dedekam, 22. november 191431. august 2010) var ein norsk bilethoggar, målar og grafikar frå Oslo. Ho vart først og fremst kjend for skulpturar hogd ut i forskjellige bergartar. Dedekam hadde fleire prisvinnande verk på utstilling i forskjellige norske og internasjonale galleri og museum i løpet av karrieren.[1][2]

Ba Dedekam
Fødenamn Valborg Cecilie Dedekam
Pseudonym Ba Dedekam
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. november 1914
Kristiania
Død

31. august 2010 (95 år)
Morges

Utdanning Queen Anne's Studio, Statens håndverks- og kunstindustriskole, Art Students League, Pratt Graphic Art Center
Yrke Kunstnar, bilethoggar, målar, grafikar
Far Valborg Boe
Mor Valborg Boe
Ektefelle Tom Wilhelmsen (g. 1936)
Born Wilhelm Wilhelmsen, Finn Wilhelmsen, Cecilie Paus, Helen Juell

Bakgrunn

endre

Cecilie Dedekam vart fødd i Kristiania i 1914. Foreldra hennar var generalagent Finn Dedekam og Valborg Boe. Ho studerte ved Queen Annes’s Studio i London i 1932, og ved Statens håndverks- og kunstindustriskole 1933–35. I 1936 gifta Dedekam seg med skipsreiar og filantrop Tom Wilhelmsen.[3] Ho studerte vidare ved Art Students League i New York 1958-1960, og ved Pratt Graphic Art Center i New York i 1972. Ho var óg ute på fleire studiereiser til blant anna Frankrike, Italia, Mexico og Spania.[1][4]

Ho stilte for første gang ut kunst under kunstnarnamnet Ba Dedekam under Haustutstillinga i 1960, her med ein skulptur i gips.[5] Seinare vart kunsten hennar utstilt på fleire separat- og kollektivutstillingar i Noreg og andre land. Ho mottok fleire internasjonale prisar for sine grafiske verk og skulpturar.[1][4]

Dedekam veksla mellom forskjellige teknikkar og kunstformar, og skapte skulpturar, måleri, grafikk og glasrelieff. Dedekam var mest kjend for sine relativt små skulpturar hogd ut i forskjellige bergartar, som for eksempel marmor, alabast og kleberstein. I tillegg skapte ho skulpturar i gips, bronse og leire. Naturalistiske eller meir abstrakte menneske- og dyreformer var vanlege motiv i hennar skulpturar. Desse skulpturane hadde ofte ei verknadsfull kontrast mellom ømfintleg overflatebehandling og delar av steinblokka som ikkje vart uthoggen.[1][6][4][7]

Ba Dedekam og Tom Wilhelmsen var gift fram til Wilhelmsen døydde i 1978. Dei var foreldre til Wilhelm Wilhelmsen (1937–2020), Finn Wilhelmsen (1939–2013), Cecilie Paus (f. 1943) og Helen Juell (f. 1947).[8] Dedekam døyde 95 år gammal 31. august 2010 i Sveits.[1]

Prisar, premiar og utmerkingar

endre
  • Grand Prix for skulptur på utstillinga Grand Prix International de Peinture et Sculpture par Association des Artistes de France et d'Outre-Mer, Paris 1972
  • Grafikkpris, Cannes 1975
  • Grand Prix Art Décoratif, Dauville 1976

Utstillingar

endre

Kollektivutstillingar

endre
  • Statens årlige Kunstutstilling, Oslo, 1960
  • Statens årlige Kunstutstilling, Oslo, 1963
  • Statens årlige Kunstutstilling, Oslo, 1974-1975
  • Unge Kunstneres Samfund, 1962
  • Østensjøutstillingen, 1963
  • Oslo Kunstforening, 1970
  • Galleri Per, Oslo, 1970
  • Unge Kunstneres Samfund jubileumsutstilling, Stavanger Kunstforening, 1970
  • Internasjonal kunst- og kulturutstilling, Abidjan, Elfenbenskysten, 1972
  • Grand Prix International de Peinture et Sculpture, Paris, 1972
  • Associated American Artists, New York, 1973
  • Månedens skulptur, Kunstnernes Hus, Oslo, 1974-01
  • 1. Halle aux Toiles, Paris, 1974
  • 11. Grand Prix International de Peinture la Côte d'Azur, Cannes, 1975
  • Grand Prix des 7 Vollines, Rom, 1975
  • Grand Prix, Dauville, 1976
  • Roma, 1976
  • Grand Prix, Lyon, 1978
  • Luxembourg, 1980
  • Milano, 1980
  • Nordisk Skulpturbiennale, Drammen, 1980[1][9]

Separatutstillingar

endre
  • Galleri Per, Oslo, 1966
  • Galleri Per, Oslo, 1970
  • Galleri Per, Oslo, 1972
  • Intimgalleriet, Bergen Kunstforening, 1973
  • Intimgalleriet, Bergen Kunstforening, 1974
  • La Caverne des Arts, Paris, 1974
  • Tromsø Kunstforening, 1974
  • Galleri Galtung, Oslo, 1975
  • Galleri Mouffe, Paris, 1976
  • Cannes, 1976
  • Biarritz, 1976
  • Gall. Tanum, Oslo, 1978 [1][9]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Andersen, Stig (20. februar 2017). «Ba Dedekam». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). 
  2. Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. Kunnskapsforl. 1996. s. 657. ISBN 8257306789. 
  3. Olsen, Kr. Anker (1961). Wilh. Wilhelmsen i hundre år. Oslo: Wilh. Wilhelmsen. s. 207. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Schüssle, Fredrik (22.11.1994). «Ba Dedekam 80 år». Aftenposten Morgen (Norge, Oslo). 
  5. «Kvinnene dominerer på "Staten"». Morgenposten (Norge, Oslo). 30.09.1960. s. 5. 
  6. «Ba Dedekam». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 26. februar 2020. 
  7. Parmann, Øistein (1969). Norsk skulptur i femti år. Dreyer. s. 227-228. 
  8. Hvidsten, Asgeir Aga Nilsen og Jan Erik (5. september 2016), «Wilhelmsen og Wallenius vil danne shippingkjempe», Vestviken 24 (på norsk), henta 2. november 2021 
  9. 9,0 9,1 Norske billedhoggere i dag. Tanum-Norli. 1983. s. 59. ISBN 8251817218.