B.R. Ambedkar
indisk politikar og økonom
(Omdirigert frå Babasaheb Ambedkar)
Bhimrao Ramji Ambedkar (1893–1956) var ein indisk jurist og politikar, kjend som den «indiske grunnlovsfaren». Etter å ha studert i India, USA og Europa vigde han seg til å kjempe for rettane til lågkastehinduar. Ved frigjeringa i 1947 vart han utnemnd til justisminister i den nye kongressregjeringa, men trakk seg attende i 1951, fordi han ikkje tykte at regjeringa innfridde løftene ho hadde gjeve til dei lågaste kastane. Sidan konverterte han til buddhismen og fekk mange lågkastehinduar til å følgje han i dette, for på den måten å frigjere seg frå den hinduiske kasteideologien. Ambedkar har òg forfatta fleire bøker om indisk sosialpolitikk.
B.R. Ambedkar | |||
| |||
Fødd | 14. april 1891 Bhim Janmabhoomi | ||
---|---|---|---|
Død | 6. desember 1956 (65 år) | ||
Statsborgar av | Britisk India, India | ||
Yrke | samfunnsøkonom, politikar, constitutionalist, Skrankeadvokat, jurist, sosiolog, antropolog, pedagog, skribent, filosof, sosial reformator, journalist, revolusjonær, professor, statsvitar, lærd, orator, fridomskjempar, historikar, avisredaktør, borgarrettsaktivist, bistandsarbeider, menneskerettsaktivist, educational theorist, spiritual leader, fredsaktivist, sjølvbiograf, politisk skribent, teolog, kunstmålar, kvinnesaksforkjemper, bibliograf, essayist, reisende lærd | ||
Utdanna ved | University of Mumbai Columbia University London School of Economics Elphinstone College Government Law College, Mumbai | ||
Mor | Bhimabai Ramji Sakpal | ||
Far | Ramji Maloji Sakpal | ||
Ektefelle | Ramabai Ambedkar, Savita Ambedkar | ||
Barn | Yashwant Ambedkar | ||
Alle verv |
|
Kjelder
endre- Ambedkar, Bhimrao Ramji. (1978). I Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. 1 : a-Bem (s. 198). Oslo: Kunnskapsforlaget.Denne historieartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.