Badinerie eller badinage er eit kort og livleg danseliknande karakterstykke, vanlegvis i 2/4 takt. Det har fått namn frå det franske badiner (å spøke). Uttrykket vart til på 1700-talet då badinerien først vart nytta som ein sats i barokke suitar. Johann Sebastian Bach (1685-1750) sin badinerie frå Orkestersuite No. 2 i h-moll for fløyte og strykarar, BWV 1067, er kanskje det mest kjende dømet.

Kjelder endre