Orkestersuitar av Bach
Orkestersuitar eller Ouverturar BWV 1066–1069 er ei samling musikkverk av Johann Sebastian Bach, truleg komponert mellom 1725 og 1739 i Leipzig. Ordet ouverture syner til opningssatsen der ein del med langsam rytme med punkterte notar vert etterfølgd av ein fuge. På denne tida vart dette namnet òg nytta om ein heil suite med dansestykke i fransk barokkstil.
Ouverture No. 1 i C-dur, BWV 1066
endreInstrumentering: Obo I/II, fagott, fiolin I/II, bratsj, basso continuo
Ouverture No. 2 i h-moll, BWV 1067
endreInstrumentering: Solo fløyte, fiolin I/II, bratsj, basso continuo
Badinerie har vorte eit standardstykke for solofløytistar sidan han er hurtig og vanskeleg.
Ouverture No. 3 i D-dur, BWV 1068
endreInstrumentering: Trompet I/II/III, pauker, obo I/II, fiolin I/II, bratsj, basso continuo
Air er eit av dei mest kjende verka frå barokkmusikken. Eit arrangement av stykket av den tyske fiolinisten August Wilhelmj (1845–1908) har vorte kjend som Air on the G-string.
|
||||
Problem med å høyra denne fila? Sjå mediahjelp. |
Ouverture No. 4 i D-dur, BWV 1069
endre- Ouverture
- Bourrée I/II
- Gavotte
- Menuett I/II
- Réjouissance
Instrumentering: Trompet I/II/III, paukar, obo I/II/III, fagott, fiolin I/II, bratsj, basso continuo
Opningssatsen frå denne suiten vart nytta om att av Bach for den korale opninga av kantaten Unser Mund sei voll Lachens, BWV 110.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Orchestral suites (Bach)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. april 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Orkestersuite No. 1: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- Orkestersuite No. 2: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- Orkestersuite No. 3: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- Orkestersuite No. 4: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- Orkestersuite No. 1, Orkestersuite No. 2, Orkestersuite No. 3 og Orkestersuite No. 4 Werner Icking Music Archive for orkestersuitane.